ToppbildeGridGuard

Løyser hakkespett-utfordring på naturens vis

Dei to største utfordringane med å bruke trestolpar i straumnettet er hakkespetter og ròteskadar. Med fleire sensorar og ei ny patentert løysing, meiner norske GridGuard dei har løysinga på det eine problemet, og ein god måte å fortelje straumselskapa om det andre. I ein og same boks.

Boksen, som har fått namnet GridScout, inneheld fleire komponentar. Mellom anna ein ròte-monitor og ein «hakkespettdetektor og -avskrekkar». I tillegg er det ei kommunikasjonseining som sender data langs kjeda av boksar og inn til ei sentral eining. Det heile blir drive av batteri som blir lada med solcellepanel.

Hakkespett-avskrekkaren har selskapet og oppfinnar Stig Skjelvik nyleg fått kunngjort patent på.

Eit patent vernar konkrete løysingar på eit teknisk problem. Du kan få patent på oppfinningar som har teknisk karakter og teknisk effekt, og som kan attskapast. Oppfinninga må skilja seg vesentleg frå det som er kjent.

Starta for ti år siden

Ideen til løysinga, og det som skulle bli selskapet GridGuard, fekk Skjelvik medan han jobba i Smartgrid, ei næringsklyngje for smarte løysingar i straumnettet.

På eit testfelt for kraftnett i Nord-Trøndelag fekk han sjølv sett kor mykje hakkespettar klarer å utrette av skadar i løpet av nokre få år.

 Trestolpane såg ut som sveitserost, så eg tenkte at ein burde kunne løyse dette med teknologi, seier Skjelvik.

Ti år etter at Skjelvik først utforska problematikken i 2015 er teknologien patentert, og Gridguard og Skjelvik sjølv med i Smartgrid-klyngja.

Store kostnader i både Noreg og internasjonalt

Gridguard reknar med rundt 74 000 stolpar i Noreg blir skadd av hakkespetter kvart år, dette utgjer ca 2,5 prosent av kraftnettet. Dei årlege kostnadene som følgje av dette ligg ein stad mellom 70- 260 millionar kroner.

37 prosent av kraftnetta i verda er bygde av tømmer, og hakkespetter finst på store delar av den nordlege halvkula. Dei to gründerane ser derfor for seg ein stor marknad for produktet deira.

Og problematikken er ikkje ny. I ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking frå 1995, svarte 67 prosent av dei dåverande 179 energiverka som blei spurde at dei hadde problem med hakkespettskadar på straumnettet.

Ofte når trestolpar knekk som følgje av uvêr eller at tre veltar over linjene, er ròte- eller hakkespettskadar ei medverkande årsak. Det er meir sannsynleg at stolpar som allereie har skadar knekk enn at uskadde stolpar gjer det, meiner gründerane bak Gridguard.   

Alternativa til å bruke trestolpar er å bruke metall eller komposittmateriale.

 Det er meir ressurskrevjande å lage slike stolpar, også med tanke på berekraft. Råstoffet for trestolpar veks bokstavleg talt opp frå bakken, seier Skjelvik.

Handterer naturutfordring på ein mjuk måte

Berre i Noreg finst det sju ulike artar hakkespett. Utbreiinga av dei ulike artane varierer, men det finst hakkespetter i dei fleste skogsområde i Sør-Noreg.  Hakkespettar er avhengige av tre for å finne mat, reir og gøymestader. Dei hekkar vanlegvis i holrom i tre eller trestolpar. Ofte hakkar dei ut hola sjølv, eller bruker eksisterande holrom.

Men hakkespetter hakkar ikkje berre for å lage hol til reir, eller få ut etande larvar frå treet. Dei har ein annan aktivitet som lagar lyd, men som er ufarleg for treet eller trestolpen; tromming. Hakkespettane er territoriale av seg, det vil seie at dei ikkje ønskjer å busetje seg i nærleiken av andre hakkespettar. Tromminga blir gjord for å signalisere nærvær, markere revir og tiltrekkje seg ein make.

Denne tromminga har høgare tempo enn hakking som lagar hol, og varierer frå hakkespett-art til hakkespett-art. Teknologien bak det nye patentet til Skjelvik og GridGuard klarer å skilje dei ulike artane ved å identifisere tromme-rytmen.

Når sensoren merkar at hakkespetten byrjar å tromme på stolpen, blir trommemønsteret registrert og finjusterte parametrar i boksen identifiserer arten, sender signal til ein annan sensor på ei nærliggjande mast, og speler tilbake lyden av same art.

– Dette er ein mjuk måte å handtere eit naturproblem. Vi bruker språket til naturen for å hindre at hakkespetten blir eit skadedyr. Vi prøver å få han til å hakke på tre i staden for stolpar. I andre delar av menneskets infrastruktur ville vi kanskje sett på det som eit skadedyrproblem, men hakkespetten er ikkje eit skadedyr.

Gaute Bjerke-Busch

Med-gründar, GridGuard

Gaute Bjerke-Busch, GridGuard

Gaute Bjerke-Busch

Med-gründar, GridGuard

Skremming verka ikkje

Men det var ikkje rett fram å finne ein metode som fungerte. I starten ønskte gründerane å prøve å skremme hakkespettane bort. Under dei første testane låg dei to gründerane klare til å spele av rovfugllydar og skremme dei vekk på den måten.  

 Det tok ikkje lang tid før ein flaggspett dukka opp, og vi prøvde å spele av alle lydane vi hadde. Det hadde ikkje særleg effekt, og vi måtte finne andre løysingar, seier Gaute Bjerke-Busch.

Det var ikkje før dei byrja å spele av hakkespett-lydar dei fekk resultat, og dermed var det berre å jobbe vidare.

Gründerne bak GridGuard venta på hakkespett. Foto: GridGuard
Ein kan ikkje styre naturen. Her venter dei to gründarane på hakkespettar for å sjå om dei kunne jage dei bort. Foto: GridGuard

Starta før «Internet of things» var ein ting

Dei to grunderene starta med å pønske ut moglege løysingar på problemet lenge før dei visste korleis dei skulle løyse det, og ikkje minst før teknologien dei trong fanst.

 «Internet of things» var ikkje like etablert som konsept i 2015 som det er no, seier Skjelvik.

Omgrepet «Internet of things» er ei nemning som blir brukt om samankoplinga av fysiske sensorar eller apparat i nettverk, slik at apparata kan fjernstyrast eller informasjon frå sensorar kan delast.

I tillegg til hakkespett-avskrekkeren inneheld GridScout-boksen fleire måleiningar som gir ein tilstandsrapport på stolpen. Det er òg system for å sende data frå måleiningane inn til kunden.

– Då vi fann ut at vi hadde ei løysing på hakkespett-problemet så vi at vi hadde noko unikt som gav oss ein inngang inn i denne marknaden. Vi har òg gått vidare med andre problematikkar i bransjen, og har fleire sensorar i same boks.

Stig Skjelvik

Med-gründar, GridGuard

Stig Skjelvik, GridGuard

Stig Skjelvik

Med-gründar, GridGuard

Utfordringa med korleis boksane skulle snakke saman og sende signal inn til kraftselskapa har, som med mykje anna med GridScout, blitt utvikla over tid.

Viktig med godt bransjesamarbeid

Teknologien er framleis under testing, og dei to gründerane meiner samarbeidet med ulike aktørar i kraftbransjen er viktig.

 Vi hadde ikkje fått tilgang til kraftnettet utan å samarbeide med selskapa.  Vi har lært mykje om korleis sensorane fungerer, men ikkje minst kva kraftbransjen treng og korleis dei tenkjer, seier Bjerke-Büsch.

Det er no rundt 500 sensorar ute på straumstolpar fleire stader i Noreg, rundt Røros, på Vestlandet og i Sør-Noreg.

 Dei må vere ute over tid i vêr og vind for å teste at dei toler den julinga dei kjem til å få, seier Bjerke-Büsch.

Vil bidra til forbetra forsynigssikkerhet

Større straumbrot skjer heldigvis relativt sjeldan i Noreg, men konsekvensane av at folk er utan straum over lang tid kan bli alvorlege. Nokre stader går også kablar for internett og telefoni via dei same stolpane.

Tal frå NVE viser at leveringspålitelegheita for straum i 2023 var på 99,974 prosent. Det vil seie at det berre var 0,026 prosent av den elektriske energien som ikkje nådde fram til sluttbrukar på grunn av feil eller utkoplingar.

I snitt opplevde kvar straumkunde 1,50 straumbrot med varigheit over 3 minutt. Straumkundane som opplevde minst eitt langvarig straumbrot, var i gjennomsnitt utan straum i totalt 3 timar og 26 minutt i 2023. ​

Gründerane meiner sensorane kan vere nyttige for kraftselskapa både for å kontrollere tilstanden til og planleggje vedlikehald av stolpane, men òg når uhellet er ute.

 Ein reknar med at omtrent halvparten av tida det tek å rette eit straumbrot går med til å lokalisere feilen. Med sensorane våre kan kraftselskapa få betre varsling om kvar feilen er, seier Skjelvik.

Relaterte artikler