Jobb hos oss

Patentstyret er arbeidsplassen for deg som ønskjer utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø og fleksibilitet i kvardagen. Bli med når vi saman gjer idear til verdiar.

Ansatte snakker sammen i et møterom i Patentstyrets lokaler.

Kvifor jobbe hos oss?

Visjonen vår er å gjere idear til verdiar. Dette gjer vi gjennom å hjelpe norsk og internasjonalt næringsliv, oppfinnarar, designarar og merkevarebyggjarar med å skape, sikre og handtere verdiane og rettane sine på ein god måte.

I Patentstyret har vi ei rekkje stillingar innanfor ulike fagområde. Vi har kunnskapsrike og hyggjelege tilsette som gjerne deler kompetansen med kollegaer og kundar. Hos oss får du bruke fagkunnskapen og utvikle deg vidare gjennom kontinuerleg opplæring, god oppfølging av leiarar og samarbeid med kollegaer.

Høg kompetanse, engasjerte og fornøgde medarbeidarar, høg kundetrivsel og varierte arbeidsoppgåver gjer at Patentstyret er blant dei beste arbeidsplassane i Noreg.

Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor. Vi ønskjer mangfald i organisasjonen, og legg til rette aktivt for å inkludere personar med set ned funksjonsevne eller hol i CV-en.

– Som innhaldsprodusent er det viktig å få fram det visuelle og spennande i noko som kan verke tungt og komplisert.

Vi har eit kjempefint arbeidsmiljø med nedpå, opne og morosame folk, noko som gjer oppgåva gøy. Pressearbeidet er veldig variert, og kan handle om alt frå ein kjendis i varemerkestrid til kvar Noreg hamnar på den globale innovasjonsindeksen. Vi har mange sosiale arrangement som bidreg til god kontakt med hyggjelege kollegaer.

Vilde Brandtzæg Clausen, pressekontakt.

Vilde Brandzæg Clausen

pressekontakt og innhaldprodusent, Marknad og kommunikasjon

Utviklingsmoglegheiter

Vi har ca. 265 medarbeidarar med høg kompetanse innan ei rekkje fagområde. Juristar og sivilingeniørar/teknologar utgjer dei største faggruppene, i tillegg til medarbeidarar innan saksbehandling, arkiv, kommunikasjon og marknadsføring, økonomi, IT og HR.

For å sikre oss rett kompetanse i åra framover, er Patentstyret stadig på jakt etter nye medarbeidarar med relevant erfaring.

Vi har eit breitt samarbeid med ulike internasjonale organisasjonar, noko som gir høve for å delta i internasjonale nettverk, konferansar og møte. Fleire medarbeidarar samarbeider med eksterne aktørar og held foredrag for næringsliv og studentar.

Vi er opptekne av godt medarbeidarskap og leiarskap. Derfor jobbar vi kontinuerleg og målretta med å utvikle tilsetje på alle nivå.

Vi har gode erfaringar med lærlingar i både IKT og mediegrafikarfaget. Dei har fått prøve seg på varierte oppgåver og har trivest godt med å jobbe i Patentstyret.

– Det sosiale er òg upåklageleg med skidag, Holmenkollstafetten, kulturdag og ein drøss med anna moro.

Som jurist i Patent er ingen dagar like. Rolla minner meir om ein in-house enn ei saksbehandlarstilling. Typiske arbeidsoppgåver er i utval innvendingar, vurdering av allment tilgjengeleg teknologi, tvistar om kven som har bidrege til ei oppfinning og opplæring innan det meste av IPR. Å vere jurist i Patentstyret er veldig interessant fordi vi får jobbe med ein haug med ulike kompetente medarbeidarar, alt frå marknadsførarar, økonomar, IT-ekspertar, teknologiske fagfolk til andre juristar.

Eskil Korneliussen, juridisk rådgiver patent.

Eskil Korneliussen

juridisk rådgiver, Patent

Vi investerer mykje i godt miljø

Det sosiale er viktig i Patentstyret, og medarbeidarane våre set pris på det gode arbeidsmiljøet. Vi har fleire sosiale hendingar som julebord, sommarfest, skidag, pubaftanar og digitale spelkveldar. Vi har eit eige bedriftsidrettslag som driv trimrom og arrangerer ulike aktivitetar.

Patentstyrets ansatte på topptur til Snøhetta.

Nye og fine lokale

Vi held til i nybygde og hyggjelege lokale på Helsfyr i Oslo. Her er det kantine, kurslokale, trimrom med gode garderobeforhold, eige tilsettbibliotek og parkering for sykkel, i tillegg til byens finaste utsikt frå 14. etasje. Du kjem lett hit med T-bane og buss.

Kundesenter i toppklassen

Vi er svært stolte av kundesenteret vårt. Medarbeidarane på kundesenteret legg ned mykje arbeid for å gi kundane vår best mogleg service. I 2024 vann vi prisen for beste kundeservice i offentleg sektor for sjette år på rad.

– Eg vernar rettane til innovatørar og bedrifter og har ei avgjerande rolle i å løyse tvistar.

Det er ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft! Her handlar det ikkje berre om saksbehandling; eg har òg spennande moglegheiter som å halde inspirerande foredrag for engasjerte studentar, dra på kurs og rettleie kundar. Eg er ein del av eit leiande fagmiljø innan immaterielle rettar med god tid til å verkeleg fordjupe meg i faget. Kvardagen er eg i moderne lokale med strålande utsikt, og ikkje minst – ein lunsj som set prikken over i-en! 

Jakob Haugan, rådgiver design og varemerke.

Jakob Haugan

juridisk rådgiver, Design og varemerke

Les mer om Om Patentstyret

Om Patentstyret

Patentstyret fremjar innovasjon og verdiskaping i næringslivet og samfunnet. Les meir om oss og samfunnsoppdraget vårt.

Les mer om Årsrapportar

Årsrapportar

Årsrapportane gir deg oppdaterte tal innanfor patent, varemerke og design. Her finn du òg informasjon om viktige hendingar, utviklingstrekk, utgreiingar og kommentarar.

Les mer om Strategi

Strategi

Ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping. Les meir om strategien vår.

Les mer om Norske Cartesian vant Nordic Innovation Award
Cartesian NIA 2025
  • Nyheter
  • Patent

Norske Cartesian vant Nordic Innovation Award

Prisen er ny av året og er etablert av patentverkene i Sverige, Danmark, Finland, Island og Norge. Under finalen i København 10. april gikk Trondheimsbedriften Cartesian av med seieren foran de andre nordiske kandidatene.

Publisert 10. april 2025

Les mer om Cartesian er nominert til Nordic Innovation Award 2025
Cartesian gruppebilde
  • Nyheter
  • Patent

Cartesian er nominert til Nordic Innovation Award 2025

Trondheimsbaserte Cartesian overbeviste den norske juryen med sin Thermal Box, som bidrar til lavere energiforbruk, lavere energikostnader og mer bærekraftig energiforsyning.

Publisert 03. april 2025

Les mer om Endringer i saksflyten i klagesaker
Krystall-Grønn-MørkBlå
  • Nyheter
  • Patent
  • Varemerke
  • Design

Endringer i saksflyten i klagesaker

Vi har gjort endringer på saksflyten i klagesaker for patent, varemerke og designregistrering. Dette gjelder fra 18. april 2025.

Publisert 18. mars 2025