Hugs å melde frå om endringar i ein søknad eller rett

Det er viktig at gir beskjed til Patentstyret om endringar i til dømes eige namn eller adresse, eller andre endringar knytt til retten eller søknaden din. Det same gjeld viss du har overteke eigarskapen til eit patent, fått ein avtalelisens eller fått pant i eit patent eller ein patentsøknad.

Kvifor er det viktig å melde inn endringar?

  • Patentstyrets namneregister er ikkje samkøyrt med andre offentlege register. Vi får derfor ikkje melding om endringar i namn eller adresser utan at du gir oss beskjed om det.
  • Patentstyret registrerer ikkje pant, lisensar eller overdragingar på eige initiativ. Det er ansvaret til den enkelte å melde rettsforhold inn til oss, slik at vi kan føre det inn i registra våre.
  • Feil adresse kan resultere i at brev blir forseinka eller ikkje kjem fram til deg. Dette kan føre til at du mistar retten din fordi du ikkje har svart på eit brev eller ikkje betalt ei avgift eller eit gebyr.
  • Viss det oppstår ein tvist om kven som er rettshavar, er det ein fordel at korrekt søkjar eller innehavar er oppført i registeret vårt.

Når må du melde inn endringa?

Endringar må meldast inn før du betaler årsavgift eller fornyingsavgift. Dette er viktig for at fornyingsbeviset skal innehalde korrekte opplysningar.

Språkkrav

Du kan sende ei melding om endring på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Korrespondansen frå oss vil hovudsakleg vere på norsk.

Dokumentasjon

Vi krev dokumentasjon for enkelte endringar. Dette står nærmare beskrive under dei ulike endringstypane. 

Kva informasjon må du ha med?

Du må alltid oppgi kva søknadsnummer eller rettsnummer endringa skal utførast i. Du må òg oppgi kva fagområde (patent, varemerke, design) endringa gjeld.

Endring av fullmektig

Vi krev ikkje at du utnemner ein fullmektig. Viss det ikkje er utnemnt ein fullmektig i saka, sender vi all korrespondanse til søkjaren eller innehavaren.

Her finn du fleire detaljar om fullmaktsendringar.

Viss du vel å bruke ein fullmektig, kan du bruke skjemaet for endring av fullmakt. Dette kan du bruke både som eit fullmaktsdokument og for å melde inn ei fullmektigendring.

Ein advokat treng ikkje å sende inn eit fullmaktsdokument, men viss du har gitt fullmektigvervet til eit advokatkontor, må du sende inn ei fullmakt.

NB! Det er dessverre ikkje mogleg å fylle ut og lagre desse PDF-skjemaa elektronisk.

Viss du har problem med å opne eit PDF-skjema, prøv ein annan nettlesar eller oppdatere til ein nyare versjon av Adobe Acrobat.

Du kan sende inn ei melding om fullmektigendring utan å leggje ved eit gyldig fullmaktsdokument. Viss fullmaktsdokumentet manglar ved registreringstidspunktet, slettar vi likevel fullmektigen og sender vidare korrespondanse i saka direkte til innehavaren.

Du må sende inn ei gyldig fullmakt samtidig som du sender inn ei melding om fullmektigendring. 

Du må sende inn ei gyldig fullmakt samtidig som du sender inn ei melding om fullmektigendring.

Alle som er oppgitt som søkjarar eller innehavarar av ein søknad eller rett, må signere på fullmakta.

Vi godtek ein kopi av fullmakta så sant opplysningane i kopien er tydeleg oppgitte.

Du må opplyse kva søknad eller rett fullmakta gjeld for. Alternativt må fullmakta vere ei generalfullmakt som gjeld alle sakene til søkjaren eller innehavaren innan eitt eller fleire fagområde.

Viss du viser til ei tidlegare innlevert generalfullmakt, må du alltid leggje ved ein kopi av denne.

Viss ein fullmektig ønskjer å overdra fullmektigvervet til ein annan fullmektig, og det kjem fram av fullmakta at fullmektigen har rett til å gjere dette, kan den tidlegare fullmektigen underteikne fullmakta.

Vi registrerer endringar i ein søknad eller rett viss vi får melding om dette frå søkjaren, innehavaren, eller frå ein utnemnd fullmektig.

Andre enn dei nemnde partane kan òg melde inn endringar i registeret vårt ved å sende melding med avgrensa fullmektigverv. I slike tilfelle krev vi at du legg ved meldinga minst eitt av følgjande dokument:

  • ei avgrensa fullmakt
  • skjema underteikna av søkjaren eller innehavaren, til dømes skjema om namne-/adresseendring eller overdraging
  • dokumentasjon på endringa. Det kan til dømes vere utskrift frå handelsregister, føretaksregister eller Brønnøysundregistera
  • ein kopi av oppdraget frå søkjaren eller innehavaren

Viss endringa er ei namne- eller adresseendring, vil den fullmektigen som allereie står i registeret vårt bli ståande som fullmektig òg etter at namne- eller adresseendringa er utført.

Viss endringa derimot gjeld ei overdraging eller fusjon, må du gi oss opplysningar om kven som skal stå oppført som fullmektig for den nye søkjaren eller innehavaren – eller om søknaden eller registreringa skal førast vidare utan fullmektig. Viss den nye søkjaren eller innehavaren har utnemnt ein fullmektig, må du leggje ved ei fullmakt som stadfestar fullmektigforholdet.

Dette betyr at ved melding om overdraging eller fusjon der meldinga kjem frå andre enn utnemnd fullmektig, må du leggje ved ei fullmakt som skal gjelde etter at endringa er utført. Dette kjem i tillegg til anten ei avgrensa fullmakt, dokumentasjon på endringa, skjema underteikna av søkjar eller innehavar, eller ein kopi av oppdraget.

Andre endringar

  • Søknadsstadiet: Skjemaet må underteiknast av den som står oppført som søkjer i registeret vårt, eller av fullmektigen til søkjaren.
  • Etter registrering: Skjemaet må underteiknast anten av tidlegare innehavar eller av ny innehavar (den retten er overdrege frå eller til), eller ein av fullmektigen til partane.

Ved melding om overdraging eller fusjon blir ikkje fullmektigforholdet overført automatisk.

Viss det er utnemnt ein fullmektig i saka, vil fullmektigforholdet stanse når søknaden eller retten blir overdrege til ein ny søkjar eller innehavar.

Viss den nye søkjaren eller innehavaren ønskjer å bli representert av ein fullmektig, må du derfor gi oss beskjed om dette. Sjå punktet om endring av fullmektig.

Registrering av overdragingar og fusjon er gratis.

  • Søknadsstadiet: Skjemaet må underteiknast av søkjaren eller fullmektigen til søkjaren.
  • Etter registrering: Skjemaet må underteiknast av innehavaren eller fullmektigen til innehavaren.

For å gjere ein merkeendring i ein varemerke- eller fellesmerkeregistrering, må du sende to tydelege avbildingar av det nye merket.

Ved endringar av eit ordmerke er er det tilstrekkeleg at du oppgir det nye ønskte ordmerket.

Vi gjer merksame på at det er avgrensa tilgang til å endre eit varemerke som er søkt eller som er registrert. 

Bruk skjemaet for andre endringar, og send skjemaet via skjema for korrespondanse i Altinn. (Du finn skjemaet i skjemaoverikten lengre nede på sida)

Pris for søknad om merkeendring av eit registrert varemerke: kr 1 200

Merkeendring av eit varemerke som er under behandling er gratis.

Ved delvis sletting av ein varemerke- eller fellesmerke-registrering, må du oppgi kva varer og tenester merka framleis skal ha vern for. Viss det ikkje er tilstrekkeleg plass i feltet, legg du ved eit eige vedlegg.

Viss søknaden framleis er under behandling i Patentstyret, kan du bruke skjemaet for korrespondanse for å oppgi kva produkt du ønskjer skal takast ut av søknaden. 

Du kan sjølv slette heile klassar i eit registrert norsk varemerke i «Mine saker» . Dette krev at du er Altinn-kunde og korrespondanseadresse i saka. 

Du kan òg bruke skjemaet for andre endringar, og sende dette via Altinn.

For a endre eit design, må du leggje ved bilete av det endra designet. Vi gjer merksame på at det er avgrensa tilgang til å endre eit design som er søkt eller som er registrert.

Bruk skjemaet for andre endringar og send dette via skjemaet for korrespondanse i Altinn.

Ved sletting av samregistrering av design, må du oppgi kva design registreringa framleis skal gjelde for.

Bruk skjemaet for andre endringar og send skjemaet via Altinn.

Søkjaren, innehavaren, lisensgivaren, lisenstakaren, eller den fullmektigen som representerer ein av desse, kan signere og sende inn ei melding om lisens.

Du må leggje ved ei fullmakt som stadfestar fullmektigforholdet viss dette ikkje er sendt inn tidlegare. Bruk Patentstyrets skjema for fullmakt som du finn i skjemaoversikta lengre nede på sida. 

Viss lisensavtalen ikkje gjeld heile søknaden eller retten, må du gi oss beskjed på norsk om kva delar avtalen omfattar. 

Bruk skjemaet for melding om lisens som du finn i skjemaoversikta lengre nede på sida, og send dette via Altinn.

Registrering av lisensar er gratis.

Registrering av lisensar, pantsetjingar og overdragingar i Patentstyrets register?

Det er mogleg å særskilt pantsetje patent, patentsøknader, patentlisensar, søkte og registrerte varemerke og lisensar desse. Det er ikkje mogleg å særskilt pantsetje design. 

Pris for registrering av pant (pantelisens): kr 500

Registrering av overdragingar og lisensar er gratis.

Registrerer du retten din i Patentstyrets register, stiller du sterkare ved kollisjon mellom rettar

Sjølv om du var den første som fekk overdrege eit patent eller eit registrert varemerke, eller fekk pantsett eller stiftet ein lisensavtale i ein slik rett, betyr ikkje dette nødvendigvis at din rett vil gå føre viss det seinare skulle oppstå ein rettskollisjon.

Med «kollisjon» meiner vi tilfelle der det er etablert konkurrerande, motstridande rettar. Registrerer du retten din i Patentstyrets register, står du sterkare enn om du ikkje gjer det. 

 

Kollisjonar mellom rettar kan oppstå på fleire ulike måtar. Ein patenthavar eller varemerkeinnehavar kan til dømes ha gitt to kolliderande, eksklusive lisensar til det same patentet eller varemerket. Andre gonger kan innehavaren gå konkurs, eller kreditorane til innehavaren kan ønskje å ta utlegg i patent- eller varemerkeretten.

Viss ein varemerkeinnehavar eller patenthavar har gitt eksklusive lisensar til fleire ulike personar som ikkje veit om kvarandre, kan det oppstå spørsmål om kven som eigentleg har lisensrettane til varemerket eller patentet.

Har du fått ein lisens til eit varemerke eller patent frå eit selskap som seinare går konkurs, vil varemerket eller patentet som utgangspunkt inngå i konkursbuet. Er ikkje lisensen registrert i registera våre, kan ein mogleg konsekvens bli at konkursbuet ikkje treng å ta omsyn til lisensen. Det er altså ein risiko for at du kan miste retten din.

Det er derfor viktig at du så raskt som mogleg gir beskjed om rettar du får, slik at det blir lagt inn i registera våre.

Kollisjonsreglar

Reglane slår mellom anna fast at ved kollisjon mellom rettserverv, går som hovudregel ein rett som er kravd registrert i Patentstyrets register framfor rettar som ikkje er kravde registrerte same dag eller tidlegare. Dette gjeld følgjande :

  • frivillig overdraging av ein patent- eller varemerkerett
  • stifting og overdraging av avtalelisens
  • pantsetjing som nemnt i panteloven § 4-11
  • utlegg og arrest

Fleire krav om registrering som er motteken hos Patentstyret same dag, er likestilte. Utlegg og arrest går likevel framfor andre rettar. Er fleire utleggsforretningar og arrestforretningar mottekne til merknad same dag, går den eldste framfor.

For at ein rett som er stifta ved avtale, skal kunne stå seg overfor konkurs, er hovudregelen at retten må vere registrert i Patentstyrets register seinast dagen før konkurs blir opna for at retten skal kunne stå seg.

At rettar går tapt etter kollisjon, blir kalla på jusspråk for «ekstinksjon». Dette inneber at du mistar rettar utan at du har samtykt til det.

Ved registrering i Patentstyrets register kan du oppnå det som blir kalla for «rettsvern» – vern mot ekstinksjon.

Kollisjonsreglane i patentloven gjeld berre for rettar som blei stifta 1. juli 2015 eller seinare og kollisjonsreglane i varemerkeloven gjeld berre for rettar som blei stifta 1. mars 2023 eller seinare.

Når ein nyare, frivillig etablert rett knytt til eit patent eller varemerke blir kravd registrert hos oss før ein eldre rett (rett som blei stifta tidlegare), følgjer det av regelen om «førstemann til å registrere» at den nyare retten vil gå føre den eldre. Dette gjeld berre dersom innehavaren av den nyare retten ikkje kjende eller burde kjenne til den eldre retten. Dette blir omtalt som kravet til «god tru».

Vi kan sjå kravet om god tru som ein føresetnad for at hovudregelen om «først til å registrere» skal gjelde.

Kravet i patentloven og varemerkeloven om god tru for nyare rettar gjeld berre ved frivillig etablerte rettar. Som utgangspunkt gjeld kravet altså ikkje ved utlegg, arrest eller konkurs. Noko anna kan likevel gjelde etter andre reglar/avtalar (sjå til dømes dekningsloven § 5-9).

I tilfelle av kollisjon: Frivillig overdraging av ei designregistrering eller utferding av lisens​ som har blitt innmeld til registrering, går føre overdraging eller utferding av lisens som ikkje er eller først seinare blir innmeld til registrering, dersom vedkommande rettshavar ved innmeldinga var i god tru.

Denne regelen gjeld berre for rettar som er stifta 1. juli 2015 eller seinare.

Registrering kan gi deg såkalla rettsvern, altså vern mot seinare rettskollisjonar. Utover dette gir ikkje registrering større rettar enn du hadde i utgangspunktet; vi seier ofte at det «underliggjande rettsforholdet» er avgjerande. Viss du til dømes har fått lisens til sal av eit patentert produkt i Oslo, vil ikkje registrering av denne lisensen gi deg rett til sal i resten av landet.

Den som krev ein rett registrert i registera våre, har òg ansvaret for at den underliggjande retten er gyldig, og for at nødvendige opplysningar og/eller dokumentasjon blir sende inn slik at ein faktisk oppnår rettsvern ved registrering.

Patentstyret har i utgangspunktet inga undersøkingsplikt og legg normalt til grunn opplysningane og/eller dokumentasjonen vi får frå innsendaren.

Rettstypar som kan få rettsvern ved registrering hos Patentstyret

Du kan registrere følgjande typar rettar i Patentstyrets register:

  • overdraging av designregistrering, patent/patentsøknad og registrert varemerke/varemerkesøknad
  • overdraging av supplerande vernesertifikat for legemiddel ( SPC )
  • lisens i design-, varemerke- og patentrettar
  • pantsetjing som nemnt i panteloven § 4-11 og overdraging og frampantsetjing av slik pantsetjing som nemnt i panteloven § 4-11
  • utlegg i design-, varemerke- og patentrettar
  • arrest i design-, varemerke- og patentrettar

Kven kan registrere slike rettar?

Som hovudregel registrerer Patentstyret rettar som nemnt ovanfor etter krav frå ein av partane i avtaleforholdet. For utlegg og arrest er det berre namsmakta som kan krevje registrering hos oss.

Slik registrerer du rettane dine

Vi tilrår at du bruker skjemaa våre for registrering av pant og for melding om overdraging og lisensar mm. i Altinn. 

Sjå oversikta over skjema nedst på sida.

Sjå kva rettar som er registrerte

Vil du undersøkje om det allereie er registrert pant eller lisensar på eit patent, eller kven som står oppført som innehavar av eit varemerke? Det finn du i søkjetenesta vår.

Les mer om Har du behov for profesjonell rådgiving?

Har du behov for profesjonell rådgiving?

Det kan vere smart å søkje råd frå ein profesjonell rådgivar som kan gi meir inngåande informasjon om til dømes konsekvensar av rettskollisjon. Les meir om rådgivarar.