Spørsmål og svar om immaterielle rettar

Dette fagområdet kan vere ukjent for mange, og Patentstyret bruker ein del faguttrykk som ikkje alle kjenner til. Her har vi samla svar på nokre av spørsmåla mange stiller.

Immaterielle rettar og verdiar

Eit åndsverk blir verna av opphavsretten (copyright). Dette  er retten til litterære og kunstnariske åndsverk, til dømes eit musikkstykke, ei bok, eit måleri, brukskunst, ein film m.m.

Kulturdepartementet er fagdepartementet for opphavsrett. Det finst òg ein del opphavsrettsorganisasjonar som kan kontaktast.

Immaterielle rettar (Intellectual Property Rights, IPR) eller åndsrett er eit samleomgrep for mellom anna patent-, varemerke- og designretten, bruksmønster, retten til føretaksnamn, forfattar- og kunstnarretten, fotografiretten og retten til krinsmønster for integrerte krinsar.

Den gir innehavaren einerett til å utnytte åndsverket sitt.

Immaterielle rettar utgjer ein stadig viktigare del av fundamentet for innovasjon og verdiskaping. Internasjonalisering innan forsking, næringsliv og teknologi gjer at slike rettar er under større press enn før.

Patentstyret er ein viktig aktør i arbeidet med å sørgje for at rettar og dei verdiane dei representerer blir sikra.

Engelsk: Intellectual Property Rights - IPR

Industrielt rettsvern gir vern først og fremst i form av patent, varemerke- eller designregistrering.

Den gir innehavaren einerett til å utnytte oppfinninga si, varemerke eller design. Industrielle rettar utgjer ein stadig viktigare del av fundamentet for innovasjon og verdiskaping. Internasjonalisering innan forsking, næringsliv og teknologi gjer at slike rettar er under større press enn før. Patentstyret er ein viktig aktør i arbeidet med å sørgje for at rettar og dei verdiane dei representerer blir sikra.

Engelsk: Industrial Property Rights.

Også kalla verna nemning. Det er ei offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får det vernet og anerkjenninga dei treng.

Mange matvarer er eit resultat av lange tradisjonar, høg kunnskap og råvarer dyrka under svært gunstige vekstvilkår. Dette er med på å gi produkta unik smak og karakteristikk.

Etter mønster frå EU-landa er det i Noreg høve til å registrere verna nemningar for norske landbruksbaserte næringsmiddel, fisk og fiskevarer.

Døme
Det er forbode å bruke geografiske nemningar for vin og brennevin som ikkje kjem frå det ramma geografiske området. Eit døme på dette er sjampanje. Det er ikkje lov å bruke nemninga "sjampanje" for musserande vin, med mindre ho er produsert i Champagne-området i Frankrike.

Stiftinga Norsk Mat
Merkeordningen blir administrerte av Mattilsynet gjennom Stiftinga Norsk Mat (tidlegare Matmerk). Ordninga gir høve til å verne produktnemningar for denne typen varer viss dei har ein spesiell geografisk tilhøyrsel, tradisjon og særeigne kvalitetar.

Du finn meir informasjon om geografisk nemning og beskytta nemningar på desse nettstadene.

Forretningsidar, forretningskonsept eller forretningsmetodar kan i utgangspunktet verken registrerast som patent, varemerke eller design.

Du kan altså ikkje få vern for noko som berre er ein idé. Men, det kan vere mogleg å verne enkelte delar av eit konsept eller ein metode.

Forretningsmetode: korleis ein kan drive næringsverksemd

Forretningsidé: den generelle og grunnleggjande ideen bak verksemda

Forretningskonsept: enkeltelement som er sette saman til ein heilskap. Heilskapen representerer korleis ein kan utøve næringsverksemd. Døme kan vere franchisekonsept eller TV-format. 

Domenenamn er ei adresse på internett. Det er vanleg å knyte tenester som websider eller e-postadresse til domenenamnet.

Eit domenenamn er unikt i heile verda og korresponderer til ei internettprotokolladresse. Til dømes: www.patentstyret.no er Patentstyrets domenenamn.

Registrering av bruksmønster er ei verneform for oppfinningar som blir brukte i fleire land.

Det er vanleg at det for slikt vern blir lågare krav stilt til oppfinningshøgd enn for patent, og at vernetida er kortare.

Visse teknologiområde kan òg vere unnateke, og avgiftene er ofte lågare.

Noreg har ikkje slikt vern.

Patent - oppfinningar

Du kan søkje etter patent som er gyldige i Noreg i databasen vår. 

Ei kort oppsummering av den viktigaste trekken til oppfinninga.

Blir publisert i patentregisteret vårt når søknaden er allment tilgjengeleg.

Du må betale årsavgifter for å halde oppe patentsøknaden / patentet.

Du må betale årsavgifter kvart år. Dei forfell forskotsvis, første gong to år etter innlevering av søknaden. Det betyr at første forfall er ved inngangen til tredje avgiftsår. Årsavgiftene for første og andre avgiftsår blir samtidig betalt med avgift for tredje avgiftsår. Avgiftsåret blir rekna frå den månaden søknaden blir innlevert til Patentstyret og forfall blir sett til siste dag i denne månaden.

Eit patentkrav er ei bestemd opplysning av kva som blir søkt verna ved ein patentsøknad eller eit patent.

Sitering er ein referanse til andre patentsøknader, patent, tidsskrift eller annan litteratur. Desse viser til liknande teknikk som allereie eksisterer.

Slike publikasjonar kan vere til hinder for å få patent. Dei kan likevel òg trekkjast fram som ei beskriving av stillinga til teknikken, sjølv om den nærliggjande kjende teknikk er relativt fjernt frå søknaden.

Overvaking

Siteringar kan òg overvakast viss du har eit patent. På den måten får ein beskjed når nokon prøver å patentere teknikk som liknar på din eigen.

SPC står for supplerande vernesertifikat (Supplementary Protection Certificate).

Dette er eit sertifikat som berre gjeld for legemiddel og plantefarmasøytiske produkt.

Det kan innvilgast inntil fem år ekstra patentvern – utover 20 år som er normalt.

Det er vanleg å definere ein patentfamilie som ei samling søknader og patent som gjeld den same oppfinninga verda over.

Dette betyr at ein patentfamilie omfattar alle dokument (patentsøknader og patent) som har nøyaktig same prioritet, inkludert den opphavlege prioritetsdannande søknaden og alle etterfølgjande søknader verda over.

Prioritet er då knytt til den søknaden som først omtaler oppfinninga (førstesøknaden), og sikrar at etterfølgjande søknader med same prioritet blir gitt vern tilbake til søknadsdatoen for førstesøknaden.

Ved fleire prioritetar i same søknad vil familien omfatte dokument med nøyaktig den same kombinasjonen av prioritetar.

Ei oppfinning er patenterbar viss alle vilkåra for å kunngjere patent er oppfylte.

For å finne ut om vilkåra for patentering ligg føre, gjennomfører Patentstyret ein patenterbarhetsvurdering.

 

Ein fullmektig /patentfullmektig er ein som er gitt rett til å handle på vegner av andre.

Patentstyret krev ikkje at du utnemner ein fullmektig. Vi sender all korrespondanse til deg som søkjar eller innehavar viss du ikkje har utnemnt ein fullmektig i saka. Det kan likevel oppstå situasjonar der ein fullmektig er ønskjeleg eller nødvendig.

Oppfinnerisk innsats når vi snakkar om patent, er omfattande utprøving og modifisering av kjend teknikk.

For å få patent på ei oppfinning må ho skilje seg vesentleg frå tidlegare kjent teknikk på området.

Ein gjennomsnittsfagmann på området må ikkje finne den patentsøkte løysinga nærliggjande i forhold til allereie kjend teknikk.

For at ei oppfinning skal vere patenterbar, må ho vere ei praktisk løysing av eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og er reproduserbar.

Løpedagen er innleveringsdagen for søknaden, eller den dagen søknaden blei innlevert til internasjonal styresmakt (PCT).

Levetida til patentet, inntil 20 år, startar frå løpedagen.

Når ein patentsøknad blir godkjend, blir patentet kunngjort.

Vi publisererer kunngjorde patent i Norsk patenttidande.

Nærliggjande teknologi som er beskriven i andre patentsøknader, patent, tidsskrift eller annan litteratur (gjeld heile verda) og som blir trekt fram som del av saksbehandlinga.

Eit mothald blir brukt i vurderinga av om ein søknad tilfredsstiller krava til å få patent. Uttrykket ”oppførte publikasjonar” blir brukt på same måte som ”mothald”.

Fleire patentkrav i same søknad blir omtalte som eit kravsett.

Gransking eller nyheitsgransking blir brukt innan patent. Det er eit grundig og altomfattande søk av høg kvalitet, som tek sikte på å avdekkje alt relevant materiale tilgjengeleg før søknaden blei levert.

Granskinga skal vere så fullstendig som mogleg for å avdekkje relevant kjend teknikk, slik at resultatet gir eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om oppfinninga kan patenterast.

Ein ”førstesøknad” er den første søknaden som omhandlar oppfinninga. Søkjaren kan vere frå Noreg eller utlandet.

”Andre søknader” er søknader som har vore behandla tidlegare, anten i Noreg eller i utlandet. Dei aller fleste av desse søknadene har prioritet frå ein tidlegare søknad.

Du finn alle søknader innleverte til Patentstyret i patentregisteret vårt. 

Fagperson er eit uttrykk vi bruker i samband med patent. Fagperson er ein teknisk kunnig person som er ein gjennomsnittleg utøvar (han eller ho har den alminnelege kompetansen som kan forventast) på det gjeldande fagfeltet.

Eit kunngjort patent kan avgrensast av innehavaren etter utgangen av innvendingsperioden.

Avgrensinga blir gjennomført av Patentstyret med verknad for resten av gyldigheitstida av patentet.

Administrativ patentavgrensing er eit billig og enkelt alternativ til ei domstolsbehandling.

Patent i fleire land

PCT er ein verdsomfattande konvensjon om patentsamarbeid som gjer det enklare å søkje patent i andre land. Dei fleste industriland er med på ordninga som er ein patentsøknadsprosedyre.

Nei, verdspatent finst ikkje. Det finst inga styresmakt som kan løyve eit patent som dekkjer heile verda.

Eit patent i Noreg gir berre einerett i Noreg.

Viss du ønskjer patent i fleire land, kan du søkje i kvart enkelt land, regionalt ved European Patent Office (EPO) eller gjennom den internasjonale patentsøkjeordninga PCT.

Varemerke - namn og logo

Vareslagslikskap inneber at to varemerke gjeld for same eller liknande varer. Viss merka gjeld tenester, kallar vi det gjerne tenesteslaglikskap.

Ein unntaksmerknad er  ei opplysning i ei varemerkeregistrering om at eit eller fleire element i merket ikkje er omfatta av det vernet som registreringa gir. Formålet med unntaksmerknaden er å unngå uvisse om omfanget av varemerkeretten. Viss eit merke er registrert utan unntaksmerknad men likevel inneheld eitt eller fleire element som ikkje kan registrerast særskilt, vil ikkje vernet omfatte desse delane av merket.

Eit varemerke må ha særpreg eller vere særprega for å kunne bli registrert. I dette ligg det at merket må vere eigna til å skilje varene eller tenestene for verksemda frå andres.

Du kan krevje at eit varemerke blir overført til deg dersom du meiner å ha betre rett til varemerket enn den som er søkjar/innehavar.

Du må bevise retten til varemerket før overføring kan skje. Eit slikt krav om overføring må stillast innan 3 månader frå kunngjering i Norsk varemerketidande.

Likeartaheit er eit omgrep som blir brukt i vurderinga av vareslagslikskap.

Viss to merke gjeld eksakt same varer, bruker vi ofte omgrepet vareidentitet, eller seier at det er snakk om same eller identiske varer. Viss varene liknar på kvarandre, ved at dei har same formål, blir brukte saman, normalt blir produserte saman av same type materiale osb., seier vi at det er likeartaheit.

Dette er eit uttrykk som vi bruker når ein stor del av kundekrinsen vil tru at to varemerke har same kommersielle opphav, til dømes at dei kjem frå same produsent.

Registrering av eit varemerke for færre varer enn den opphavlege varefortegnelsen.

Degenerering inntreffer når et varemerke blir selve ordet på en vare eller tjeneste, og dermed mister sin kjennetegnsfunksjon.

Eksempler på dette kan være "linoleum", "grammofon" og "thermos" som en gang i tiden var varemerker for ulike produkter, men hvor varemerket etterhvert ble den generiske betegnelsen.

At et varemerke er beskrivende, vil si at det bare foreteller noe om varen eller tjenesten.

For eksempel vil VINTER eller WARM på en jakke kunne
fortelle at den er egnet til bruk om vinteren. SUPER opplyser at varene er
av god kvalitet, og FAMILY sier noe om hvem produktene retter seg mot.
Slike beskrivende ord kan ikke registreres som varemerker.

Avgrensa varefortegnelse vil seie at varefortegnelsen er avgrensa i forhold til den som kom inn med søknaden.

Patentstyret kan foreslå at du avgrensar varefortegnelsen dersom vi ikkje kan registrere merket ditt for alle varene eller tenestene. Du vil då kunne få merka registrert for ein del av dei. Du kan òg sjølv foreslå å avgrense varefortegnelsen for å få merka registrert. Det er ikkje mogleg å utvide ein varefortegnelse. 

Ulike typar varemerke

Dette er eit varemerke der éin eller fleire fargar i seg sjølv blir søkte registrert som varemerke.

Eit døme er fargen rosa for isolasjonsmateriale. Det blir stilt strenge krav til at ein bestemt næringsdrivande kan få einerett til ein farge eller fargekombinasjon for ei vare eller teneste.

Eit kombinert merke eller figurmerke som er søkt registrert i ein spesiell farge er ikkje eit fargemerke.

Ein spesiell lyd som angir eit kommersielt opphav kan registrerast som varemerke.

Døme kan vere lyden når ein slår på ein datamaskin, lyden når eit program på radioen startar eller lyden ein mobilapplikasjon lagar idet brukaren får eller sender pengar.

Du må levere inn ei lydfil som gir att lyden saman med varemerkesøknaden. Alternativt kan du sende inn ei nøyaktig attgiving av lyden i eit notesystem.

Du kan registrere ei spesiell lukt for ei vare, eksempelvis lukt av øl for dartpiler eller lukta av motorolje for magasin.

Dette er ein type varemerke der det per i dag herskar tvil om dette går inn under nemninga varemerke og korleis desse eventuelt skal kunne givast att grafisk.

Ei foreining av næringsdrivande kan få einerett for medlemmene til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene sine og/eller tenester.

Eit fellesmerke er eit felles varemerke

  • til bruk for medlemmene av ei foreining eller samanslutning, eller
  • som kan brukast som eit garanti-/kontrollmerke for ei styresmakt eller samanslutning som fører kontroll med varer og tenester.

Døme: stempel på økologiske varer, miljømerkjer eller felles merke til bruk for medlemmer av idrettsforbund.

Et merke som består av eller omfatter en bevegelse eller en endring i plasseringen av varemerkets elementer.

Kan for eksempel være et varemerke bestående av en logo som beveger seg, som skifter farge, eller hvor nye elementer introduseres over tid.

Du må i varemerkesøknaden levere inn et videoklipp som viser merket. Alternativt kan du sende inn nummererte stillbilder som viser bevegelsen eller endringen av plasseringen av merkets elementer.

Varemerke i flere land

Ein internasjonal avtale som gjer det enklare å søkje internasjonal varemerkeregistrering i fleire land samtidig.

Privatpersonar eller føretak med tilknyting til ein av medlemsstatane i Madridprotokollen kan søkje om registrering i dei andre medlemslanda med utgangspunkt i ein nasjonal varemerkesøknad eller varemerkeregistrering, .

Noreg er medlem av Madridprotokollen.

Konvensjonsprioritet gir ein søkjar høve til å krevje vern for varemerket sitt i andre land frå det tidspunktet søknaden blei levert i det første landet. Dette følgjer av Pariskonvensjonen.

Fristen for å krevje konvensjonsprioritet er seks månader. Ein slik prioritet inneber altså at ein har trekt ein slags kølapp som varer i seks månader frå den første søknaden blei innlevert. 

Eit EU-varemerke som blir registrert gjeld i alle land som er medlem i EU (gjeld ikkje i EØS).

Søkjarar som er busette i Noreg og selskap som har setet sitt i Noreg, kan sende søknad om EU-varemerke (EUTM) direkte til varmerkestyresmakta EUIPO i Alicante, men det kan lønne seg å nytte ein fullmektig som har rett til å hjelpe klientar i EU.

Design - utsjånad og form

Dette er en undersøkelse som søkeren av en designregistrering kan be Patentstyret utføre mot et gebyr.

Søkeren må merke av i søknadsskjemaet at de ønsker dette. Ved en supplerende undersøkelse skal Patentstyret kartlegge forhold som kan være til hinder for at søkeren kan oppnå designrett. Vi sender en rapport til søkeren hvor vi gir beskjed om eventuelle funn, men vi nekter ikke å registrere på bakgrunn av dette. Se designforskriften § 14.

Grace Period blir òg kalla nyheitsfrist. Nemninga blir brukt innanfor designrett.

Det er mogleg å søkje eit design registrert sjølv om designet har blitt gjort kjent offentleg (allment tilgjengeleg) før ein designsøknad blir innlevert. Fristen med å levere inn designsøknaden er tolv månader frå designet først blei offentleggjord (nyheitsfrist).

Registrering av design heitte tidlegare "registrering av mønster".

Designloven erstattar den tidlegare Mønsterloven frå 14. mars 2003. Det som etter den gamle loven blei kalla ”mønster” blir no kalla ”design”.

Kva er skilnaden på ei mønsterregistrering og ei designregistrering ? 

Orda mønster og design har vore brukte mykje om kvarandre.

Designloven tredde i kraft 1. mai 2003. Alle mønsterregistreringar som var i kraft 1. mai 2003 lever vidare og har vern under designloven. Den kanskje viktigaste følgja for eksisterande mønsterregistreringar er at dei no kan fornyast fleire gonger, maksimalt i 25 år. (Med unntak for delar som berre skal brukast som reservedelar. Der er maksimalt vern 5år). Mønsterloven hadde ein maksimal verneperiode på 15 år.

Den dagen verna gjeld frå, det vil seie den dagen bileta som viser designa først blei mottekne av Patentstyret.

Alle design blir registrerte i ein såkalla Locarnoklasse.

Dei blir delt inn i klassar etter kva slags type produkt dei gjeld. Dette er for at Patentstyret skal finne tilbake til designa i registeret. Denne klassifikasjonen inneber ikkje noka avgrensing av verna til designet.

For å få einerett på eit design, må designet vere nytt og ha individuell karakter.

Eit design har individuell karakter viss heilskapsinntrykket designa gir den informerte brukaren skil seg frå heilskapsinntrykket denne brukaren får av andre design.

Ein fiktiv person som vi bruker som mal for å avgjere om eit design har individuell karakter.

Personen er godt opplyst om kva produkt som finst på marknaden i den aktuelle produktkategorien, men vedkommande er ikkje ekspert eller profesjonell på området. For å avgjere om eit design har individuell karakter, spør ein seg om ein informert bruker vil sjå tydeleg skilnad på det søkte designet og andre design som finst.

Internasjonal designregistrering

Konvensjonsprioritet gir en søker mulighet til å kreve vern for sitt  design i andre land fra det tidspunktet søknaden ble levert i det første landet. Dette følger av Pariskonvensjonen.

Ordningen har særlig betydning for design, som må være nytt på søknadstidspunktet. Fristen for å kreve konvensjonsprioritet er seks måneder. En slik prioritet innebærer altså at man har trukket en slags kølapp som varer i seks måneder fra den første søknaden ble innlevert. 

Internasjonale ordningar

EPC er en forkortelse for European Patent Convention (Den europeiske patentkonvensjonen).

The European Patent Office (EPO) tar imot, behandler og avgjør europeiske patentsøknader på grunnlag av regler gitt i den europeiske patentkonvensjonen (EPC).

EPO er ei forkorting for European Patent Office (Det europeiske patentverket).

The European Patent Office tek imot, behandlar og avgjer europeiske patentsøknader på grunnlag av reglar gitt i den europeiske patentkonvensjonen (EPC).

Verdsorganisasjonen for handel (World Trade Organisation - WTO) er den leiande internasjonale organisasjonen for regulering av verdshandelen.

WTO er grunna på tre pillarer - handel med varer, handel med tenester og immaterielle rettar.

Dei immaterielle rettane er regulerte i TRIPS-avtalen (#Agreement on Trade-Related Aspects of Intellectual Property Rights - 1994).

Trade-related aspects of intellectual property rights.

Verdsorganisasjonen for immaterialrett (World Intellectual Property Organization - WIPO) er ein av FNs spesialorganisasjonar.

WIPO har som hovudoppgåve å fremje utviklinga av immaterielle rettar globalt og er den sentrale internasjonale organisasjonen på dette området.

WIPO har 188 medlemsland og har hovudsetet sitt i Genève, Sveits.

Varemerke- og designstyresmakt for EU. EUIPO er ansvarleg for forvaltninga av EU-varemerket og EU-design.

Dei samarbeider med patentverk i EUs medlemsstatar og med internasjonale partnarar for å tilby ei heilskapleg registreringsoppleving for varemerke og design i Europa og verda.

Tidlegare kjent som OHIM.

Nordisk Patentinstitutt (NPI) er eit samarbeid mellom patentstyresmaktene i Danmark, Noreg og Island. Hovudoppgåva til instituttet er å levere ulike typar tenester innan patentområdet til andre patentstyresmakter og til private kundar.

Nordisk Patentinstitutt har status som PCT-styresmakt, dvs. internasjonal styresmakt for nyheitsgransking og førebuande patenterbarhetsvurdering i samsvar med patentsamarbeidskonvensjonen (PCT).

Nordisk Patentinstitutt har ein direktør og ein visedirektør som rapporterer til eit styre som består av direktørane i patentstyresmaktene i Danmark, Island og Noreg.

Stortinget vedtok skipinga av Nordisk Patentinstitutt (Nordic Patent Institute) frå 1. januar 2008.

Om søknadsprosessen

Søknaden kan trekkes tilbake av søkeren eller dennes fullmektig hvis det er ønskelig.

Søknaden kan deretter ikke gjenopptas.

Viss søknaden din er lagd bort, kan vi ta opp att behandlinga av den mot at du rettar mangelen som førte til bortlegging. Du må òg betale eit gjenopptakingsgebyr.

Fristen for å ta opp att søknadsbehandlinga er to månader for varemerke og design, fire månader for patent. Fristen blir rekna frå utløpet av den fristen som førte til at søknaden blei lagd bort.

Du finn informasjon om gebyra i prisoversikta for kvart område:

Når vi realitetsbehandlar ein søknad vurderer vi om han oppfyller alle dei lovmessige krava til at vi kan registrere eit varemerke eller eit design, eller kunngjere eit patent.

Ein varemerkesøknad må mellom anna innehalde ei liste over alle produkta (varene eller tenestene) du vil ha varemerket registrert for, medan beskrivinga i ein patentsøknad skal vere så tydeleg at ein fagperson skal kunne utøve oppfinninga på grunnlag av denne. I ein designsøknad må du sende inn gode og tydelege bilete av designet. Loven stiller opp fleire slike krav ein søknad må oppfylle.

Etter at vi har vurdert søknaden sender vi eit brev med ei realitetsfråsegn til søkjaren. Dette er ei vurdering og ikkje ei endeleg avgjerd. Det kan vere fleire realitetsfråsegner i ei sak.

Etter at vi har vurdert søknaden, sender vi et brev med en realitetsuttalelse til søkeren. Dette er en vurdering og ikke en endelig avgjørelse. Det kan være flere realitetsuttalelser i en sak.

Ei nyheitsgransking er ei gransking som blir gjennomført av patentstyresmakter, som Patentstyret, for å finne ut om oppfinninga angitt i søknaden er ny.

Gjelder for oppfinnelser/patentering og design.

En oppfinnelse må være ny for å være patenterbar. Den må også skille seg vesentlig fra kjent teknikk - se oppfinnelseshøyde.

Et design må også være nytt for å kunne registreres.

Alt vedrørende oppfinnelsen eller designet som enten er omtalt i tidligere patenter, tidsskrifter eller annen litteratur (gjelder hele verden), kan være til hinder for å få patent eller få registrert designet. Det samme gjelder hvis oppfinnelsen eller designet har vært vist på utstilling eller under foredrag, omtalt i en avis eller vært lagt ut for salg.

Leveringsdag er dato for innlevering av en varemerkesøknad, dvs. den dagen Patentstyret har mottatt søknaden.

Kunngjøring av opplysninger om patenter, varemerker og design skjer i Norske tidende.

Vi gir ut Norsk patenttidende og Norsk varemerketidende hver uke. Designtidende kommer ut annen hver uke.

Vi kunngjør opplysninger om nye varemerker og design når disse registreres.

Vi kunngjør bibliografiske opplysninger om patentsøknader ved søknadsinnlevering og når søknaden blir allment tilgjengelig etter 18 måneder.

Patentet kunngjøres også når det blir meddelt.

Hvis en henlagt søknad ikke blir gjenopptatt innen fristen for dette, blir søknaden endelig henlagt. Det er da ikke lenger mulig å gjenoppta søknaden.

Saksdokument er offentleg tilgjengelege for alle å sjå på etter følgjande reglar. Kopiar kan bestillast.

Ein søknad om patent blir allment tilgjengeleg 18 månader etter den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret. 

Ein designsøknad blir som regel allment tilgjengeleg 6 månader etter innlevering av søknaden.

Medan varemerkesøknader blir allment tilgjengeleg frå den dagen du søkjer. 

Vi bruker «enkeltperson» når vi snakkar om søkjarar, innehavarar eller andre kundar som berre er/består av éin person.

Du finn søknadsskjema for patent, design og varemerke her.

Vi tilrår deg å levere søknaden din via søknadsvegvisaren vår, men det er òg mogleg å søkje via Altinn. Viss du bruker Altinn, må du passe på å velje rett rolle oppe til høgre på sida før du byrjar på søknaden. 
 
Du kan få enklare hjelp av oss, til dømes informasjon om kva opplysningar du må ha med i søknaden. Vi kan ikkje hjelpe deg med å skrive søknaden. 

Du kan søke opp saken din i søketjenesten vår. Skriv søknadsnummeret ditt i søkefeltet og velg deretter Varemerke, Patent eller Design. Trykk på søknadsnummeret ditt i trefflisten og finn status for søknaden din under Nøkkelinformasjon. 

Du kan forvente svar på varemerkesøknaden din innen 3 uker. Svartiden forlenges til inntil 5 måneder, hvis du velger faktura som betalingsmetode for søknadsgebyret og/eller leverer en søknad med egne forslag til produkter, altså produkter som ikke finnes i produktvelgeren vår
 
Du kan forvente første svar med vurdering av patentsøknaden din innen 6-8 måneder. Hvis patentsøknaden din er den første søknaden du leverer inn for en bestemt oppfinnelse, kan du be om akselerert behandling. Svartiden forkortes til innen 3-8 måneder. 
 
Du kan forvente svar på designsøknaden din innen 3 måneder. 

Krenking av andres eigedom

Piratkopiar er produkt som prøver å stå fram som originale produkt. Dei gir seg gjerne ut for å ha eit kommersielt opphav som dei ikkje har tilknyting til.

Vi snakkar om produktetterlikning når det er "" to "ekte" produkt frå to ulike produsentar, der den eine har etterlikna den andre.

Forma på ein kjend designvase blir etterlikna av eit billigmerke, eller fasong og materialbruk på ei populær lommelykt blir etterlikna av ein konkurrent, men med konkurrenten sitt eige varemerke. Ved produktetterlikning legg ein seg nært opptil eit produkt som nokre andre allereie har laga, men gir seg ikkje ut for å ha det same opphavet som originalvara.

Produksjon og sal av etterlikningar kan rammast av marknadsføringsloven, som seier at ein ikkje skal utnytte andres innsats eller resultat på ein urimeleg måte.

Som produsent kan du stille sterkare i kampen mot produktetterlikningar dersom du har registrerte rettar, som til dømes ei designregistrering.

Andre spørsmål

Overføre rettar til ein annan.

Alle rettar du oppnår ved registrering i Patentstyret, kan overdragast til ein annan. Slike overdragingar må meldast til Patentstyret, slik at vi kan oppdatere registera våre.

Denne tenesta er gratis.

Ein omsetningskrins er gruppa av potensielle kjøparar og seljarar for dei aktuelle varene / tenestene.

Blir brukt som standard for å vurdere korleis eit varemerke blir oppfatta av dei som faktisk kan møte det i ein reell kjøps- og salssituasjon. Det omfattar alle ledd i omsetninga.

Kven omsetningskrinsen består av, varierer likevel med typen varer/tenester.

Omsetningskrinsen for «badedrakter» vil bestå av heilt vanlege forbrukarar, profesjonelle symjarar, tilsette i sportsbutikkar, produsentar av sportsklede, tekstil osb.

For avansert utstyr til oljeindustrien vil ikkje vanlege forbrukarar vere ein del av omsetningskrinsen. Her vil alle ledd i stor grad vere profesjonelle.

Ei merkevare er ei vare som blir send på marknaden under eit bestemt namn, med einsarta innpakning og kvalitet.

Dette er eit ord som har fleire definisjonar og blir brukt i mange ulike samanhengar.

Ei merkevare er summen av alle assosiasjonar kundane har til eit produkt, eit firma eller ein person. Altså kva kunden seier når dei skal beskrive produktet, firmaet eller personen. Ei sterk merkevare betyr at desse assosiasjonane er einskaplege og tydelege.

Merkevarebygging er å gi ei merkevare verdiar, slik at kjøparen får ei kjensle av å ha kjøpt meir enn berre produktet.

Merkevarebygging går ofte ut på at ein tilfører produktet eit symbol eller logo, som etter fleire år med marknadsføring skal føre til at kundane knyter produktet til kvalitet og visse eigenskapar og fordelar, og over tid utviklar tillit til produktet.

Når vi pratar om kommersielt opphav meiner vi kven som står bak (produserer eller sel) ei vare eller teneste.

Et apparat eller et fysisk objekt blir ofte omtalt som en anordning eller innretning. På engelsk heter det «device».

Den som eig patentet, varemerkeregistreringa og/eller designregistreringa. Vi kan òg omtale søkjaren som innehavar av søknaden.

På patentområdet blir òg patenthavar brukt.

Ein fullmektig /patentfullmektig er ein som er gitt rett til å handle på vegner av andre.

Patentstyret krev ikkje at du utnemner ein fullmektig. Vi sender all korrespondanse til deg som søkjar eller innehavar viss du ikkje har utnemnt ein fullmektig i saka. Det kan likevel oppstå situasjonar der ein fullmektig er ønskjeleg eller nødvendig.

Forkortingar

Forkorting for industrielle rettar.

Dette samleomgrepet omfattar dei rettane som også er omtalte som industrielt rettsvern.

Også kalla rettstvistforsikring og patentforsikring.

Det kan lett bli dyrt viss du hamnar i ein tvist om immaterielle rettar. Rettstvistforsikring, også kalla IPR-forsikring, kan redusere kostnadsrisikoen betrakteleg viss du må ut med store beløp til advokatutgifter, rettsak eller erstatning.

Engelsk forkorting for Intellectual Property Rights.

Dette samleomgrepet omfattar dei rettane som også er omtalte under immaterialrett og industrielt rettsvern.

Vi klassifiserer alle patentsøknader som kommer inn til Patentstyret etter klassifikasjonssystemet International Patent Classification (IPC).

Formålet med klassifiseringen er å ha en ordning av patentskrifter slik at det skal være mulig å finne frem all nyttig informasjon som har betydning for granskingen.

Intellectual Property er det engelske omgrepet for immaterielle verdiar, det vil seie verdiar som ikkje er fysiske.

Dette kan vere oppfinningar, varemerke, design, produksjonsprosessar, framgangsmåtar, databasar, ulike typar åndsverk, knowhow og bedriftsløyndommar. Det gjeld òg retten til føretaksnamn, forfattar- og kunstnarretten, fotografiretten og retten til krinsmønster for integrerte krinsar.

IP og IPR (Intellectual Property Rights, immaterielle rettar) blir ofte brukt om kvarandre.

Klagemuligheter

Innvendinger mot en søknad om varemerke, patent eller design før den eventuelt blir registrert som varemerke/design eller meddelt til patent.

En protest kan sendes inn når som helst før søknaden registreres/meddeles. Etter registrering av varemerke/design eller meddelelse av patent brukes betegnelsen innsigelse eller administrativ overprøving.

Les mer om muligheten for å levere inn en protest mot en søknad om varemerke, patent eller design.

Den juridiske personen som krev administrativ overprøving.

Meir informasjon om administrativ overprøving finn du under klageordningar. 

Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) er eit uavhengig, domstolsliknande organ som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Klagenemnda behandlar klagar på Patentstyrets avgjerder innanfor patent, varemerke og design. Den behandlar òg klagar som gjeld føretaksnamn, edelmetalloven og forskrift om registrering av ansvarsmerke.

Du skal rette klagar over Patentstyrets vedtak til Patentstyret, men Klagenemnda overtek all saksbehandling.

I tillegg behandlar og avgjer Klagenemnda klagar over enkelte av dei avgjerdene Plantesortnemnda treffer i høve av lov om planteforedlerrett.

Ein innvender er den juridiske personen som har komme med ein protest under søknadsbehandlinga.

Den juridiske personen som har kommet med en innsigelse etter registrering av et varemerke eller meddelelse av et patent.

Alle som meiner at eit varemerke er registrert på feilaktig grunnlag, kan sende inn ei skriftleg innvending mot registreringa til Patentstyret.

Fristen for å sende inn ei innvending er tre månader frå den dagen registrering blei kunngjord. Innvendinga kan føre til at registreringa heilt eller delvis blir oppheva.

Alle som mener at et patent er gitt på feilaktig grunnlag, kan sende inn en skriftlig innsigelse mot det til Patentstyret.

Fristen for å sende inn en innsigelse er ni (9) måneder fra den dagen patentet ble meddelt. Ved å levere en innsigelse, angriper man patentets gyldighet eller patenthavers rett til oppfinnelsen.

Innsigelsen skal være begrunnet, og begrunnelsen bør være understøttet med for eksempel publikasjoner. Vi behandler innsigelser i vår fagavdeling.

Alle som mener at et design er blitt registrert på feilaktig grunnlag, kan be om at Patentstyret foretar en administrativ overprøving av designregistreringen.

Administrativ overprøving har erstattet innsigelsessystemet for designregistreringer.

Dette kan gjøres når som helst etter at designet er blitt registrert mot å betale en avgift.

Behandlinga av ein søknad stansar fordi søkjar ikkje har betalt ei avgift, eller ikkje har svart på ein førespurnad frå Patentstyret i innan fristen.

Bortlagde søknader kan takast opp att under visse føresetnader.

Ver merksam på at bortlegging berre skjer under søknadsbehandlinga, og berre for visse typar fristar.

Bortlegging er ikkje det same som at eit varemerke er nekta registrert.

Hvis søknaden din er henlagt, kan vi gjenoppta behandlingen av den mot at du retter mangelen som førte til henleggelse. Du må også betale et gjenopptagelsesgebyr.

Fristen for å gjenoppta søknadsbehandlingen er to måneder for varemerker og design, fire måneder for patent. Fristen regnes fra utløpet av den fristen som førte til at søknaden ble henlagt.

Du finner informasjon om gebyrene i prisoversikten.

Ordninga er innført som eit raskt, enkelt og billig alternativ til søksmål om ugyldigheit ved domstolane.

Alle med rettsleg interesse kan setje fram krav om administrativ overprøving. Ordninga kan brukast innanfor alle tre område patent, varemerke og design, og dessutan føretaksnamn.

Ein varemerke- eller designsøknad kan overførast frå den opphavlege søkjaren til ein annan som kan dokumentere betre rett til søknaden.

Ordninga gjeld på søknadsstadiet. Etter at varemerket eller designet er registrert, må du levere inn ei innvending innan innvendingsfristen for å få retten overført til deg.

Du kan klage på en avgjørelse ved å sende oss en skriftlig melding. Bruk gjerne skjemaet du finner hos Altinn. Du må oppgi saksnummeret, begrunnelsen for klagen og eventuelt legge ved dokumentasjon som kan støtte klagen din. 

Våre tenester

Overvaking er ei teneste som blir tilboden av Patentstyret der du kan få regelmessig informasjon om rettar andre har (vedr. patent/varemerke/design), saksgangen i ei bestemd sak eller kva som kjem inn av søknader på eitt bestemt område.

Du kan òg bruke  varslingstenesta vår. Då kan du bli varsla på e-post når konkurrentar søkjer om rettar eller det skjer endringar innanfor eit valt område.

Dette er eit samleomgrep som blir brukt om Patentstyrets undersøkingar om eit varemerke, eit design eller eit patent er nytt, om det kan registrerast eller kven som eventuelt har rettane.

Læring og kunnskap

Vi kan informere deg om kva som kjenneteiknar dei ulike rettsområda – patent, varemerke og design. Vi kan svare på kva som skal til for å søkje om rettar og kva det eventuelt kan bety for deg og verksemda di. 
 
Viss du ønskjer konkrete forslag til forbetringar av ideen din eller hjelp til å velje ein strategi for vern og utnytting av ideen din, bør du ta kontakt med eit advokatfirma eller eit patentbyrå. Slik rådgiving ligg utanfor oppdraget vårt som offentleg styresmakt. 

Du kan delta på kursa våre, spørjetimar og fagsamlingar om immaterielle rettar og nærliggjande område, eller du kan sjå opptak av gjennomførte arrangement i kursportalen vår. Du kan òg få nyheitsbreva våre ved å fylle og sende inn skjema for nyheitsbrevpåmelding.

Du finn informasjon om registrerte patent, varemerke og design i databasen vår. Viss du vurderer andre marknader enn det norske, bør du utvide søket og nytte òg internasjonale databasar.

Vi tilbyr forundersøkingar til deg som treng hjelp til å søkje og/eller til å tolke resultata. 

Vi tilrår at du bruker Chrome eller Edge når du leverer inn søknad via søknadsvegvisaren vår.
 
Ved tekniske problem kan du prøve å nytte privat/inkognito-modus i nettlesaren. Nettlesaren vil ignorere alle tidlegare lagra innloggingar og innstillingar.  
 
Slik opnar du eit privat/inkognito-vindauge i Chrome: 
Trykk + Ctrl Shift + N 
Alternativt: Meny > "Nytt inkognitovindauge" 
 
Slik opnar du eit privat/inkognito-vindauge i Edge: 
Trykk + Ctrl Shift + N 
Alternativt: Meny > "Nytt Inprivate-vindauge" 
 
Viss du ikkje vil nytte deg av privat/inkognito-modus, kan du prøve å slette cookiar/informasjonskapslar. 

Patentregistreringa di gjeld i inntil 20 år frå den dagen du leverte inn søknaden, så lenge du betaler årsavgifter. 
 
Designregistreringa di gjeld i fem år frå den dagen du leverte inn søknaden. Du kan fornye registreringa di i fire femårsperiodar til til maksimalt 25 år. 

Varemerkeregistreringa di gjeld i 10 år frå den dagen du leverte inn søknaden. Deretter må du betale ei fornyingsavgift kvart 10. år for å halde oppe registreringa di. 

Betaling og fornying av rett

Når du leverer inn en søknad, må du betale et søknadsgebyr. Søknadsgebyret dekker vår behandling av søknaden, og blir ikke refundert selv om søknaden avslås eller trekkes tilbake. 

Betalingsløsningen leveres av NETS via Altinn. Hvis du ikke får betalt, kan det hende at det er problemer hos en av disse leverandørene. 
 
Ved tekniske problemer se spørsmålet om tekniske problemer. 

Hvis du ønsker å få faktura, istedenfor å betale søknadsgebyret samtidig som du leverer inn søknaden din, må du bruke søknadsskjemaene våre i Altinn. 

Patentregistreringa di gjeld i inntil 20 år frå den dagen du leverte inn søknaden, så lenge du betaler årsavgifter. 
 
Designregistreringa di gjeld i fem år frå den dagen du leverte inn søknaden. Du kan fornye registreringa di i fire femårsperiodar til til maksimalt 25 år. 

Varemerkeregistreringa di gjeld i 10 år frå den dagen du leverte inn søknaden. Deretter må du betale ei fornyingsavgift kvart 10. år for å halde oppe registreringa di. 

Det er frivillig å fornye retten din. Vi sender derfor ikkje ut faktura for årsavgift for patent, eller fornyingsavgift for design og varemerke. Du får berre eit brev med varsel ca. to månader før betalingsfristen. Slik betaler du:
 
Det finst useriøse aktørar som sender faktura for årsavgift/fornyingsavgift. Dei finn informasjon om verksemda di i offentlege databasar. Du bør ikkje betale fakturaer frå ukjende verksemder. 

Du oppdaterer opplysningane dine ved å sende oss ei skriftleg melding. Bruk skjemaet i Altinn. Vi hentar ikkje automatisk føretaksinformasjon frå Brønnøysundregisteret og/eller kontaktopplysningar frå Folkeregisteret.