Start ein søknad
Går direkte til søknadsvegvisaren vår for å starte ein varemerke-, patent- eller designsøknad. Du må logge deg på før du kan starte søknadsprosessen.
Det er lurt å undersøkje om nokon allereie har hatt same idé som deg. Ein titt på kva andre har gjort kan òg gi deg viktig informasjon om konkurrentane, eller inspirasjon til vidareutvikling.
Viss andre har ein lik eller liknande idé som deg, kan dette hindre deg i å bruke det du ønskjer å utvikle. Dette er greitt å få sjekka ut før du bruker for mykje tid og pengar på ideen.
Eit grundig forarbeid i form av søk på nettet og i nasjonale og internasjonale databasar kan òg gi deg verdifull informasjon om marknadsmoglegheiter og gode idear og inspirasjon til vidareutvikling.
Ved å søkje i databasane kan du:
Ja, det er gratis å søkje i dei databasane vi har lenkja til her.
Har du planar om å søkje om patent på ei oppfinning er det spesielt viktig at du gjer eit grundig søk i internasjonale databasar og kjelder. Du kan ikkje få patent på noko som allereie finst, same kvar i verda ho er. Ei oppfinning kan til dømes vere publisert i ein tidlegare patentsøknad, eller vere omtalt på ei nettside.
Fredrik Lundvall, senioringeniør i Patentstyret, forklarer patentlitteraturens verdi og funksjon i ein innovasjonsprosess og korleis du lagar ein god søkjestrategi for å finne patentlitteratur som er relevant for deg. [varigheit 10.12]
Finn varemerke, patent og design i Noreg
Det er lurt å søkje etter ulike ord og samansetningar av ord så du får så breitt søkjeresultat som mogleg. Søkjeresultata dine gir deg ein god indikasjon om det allereie finst rettar som kan stå i vegen for at du får rett til ideen din.
Finn ut kva rettar som er registrerte internasjonalt for varemerke og design
Går direkte til søknadsvegvisaren vår for å starte ein varemerke-, patent- eller designsøknad. Du må logge deg på før du kan starte søknadsprosessen.
Få ei oversikt over dei mest vanlege spørsmåla om immaterielle verdiar og rettar, og korleis du går fram for å registrere desse.
Eit varemerke er eit kjenneteikn som skil deg frå konkurrentane, og hjelper kundane med å kjenne igjen produkta dine.
Ei ny teknisk løysing, prosess eller framgangsmåte kan bli svært verdifull. Kan ideen din patenterast?
Hele eller delar av den fysiske utsjånaden på eit produkt kan vernast gjennom å søkje einerett.
Synest du det er vanskeleg å orientere deg og få oversikt over alle registrerte rettar som kan ha innverknad på ideen din? Då kan du la oss gjere ei forundersøking for deg. Forundersøking er ei betalt teneste som du bestiller via Altinn.
Les meir om forundersøkingVisste du at så mykje som 90 % av verdiane i innovative selskap kan vere immaterielle? Det er derfor viktig at desse verdiane blir rett forvalta. Ein gjennomtenkt strategi er like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal.
Slik fungerer ein IP-strategiSiste nytt om digitale verktøy og formalia ved patent-, varemerke- og designsøknader.
Tirsdag 25. mars 2025 kl. 08.45 - 10.30
Bærekraftige innovasjoner - et konkurransefortrinn for norsk næringsliv?
Torsdag 3. april 2025 kl. 09.00 - 10.00
Patentstyret gir deg informasjon om den nasjonale og internasjonale utviklingen innenfor patentområdet.
Tirsdag 13. mai 2025 kl. 08.45 - 10.30
Vi har gjort endringer på saksflyten i klagesaker for patent, varemerke og designregistrering. Dette gjelder fra 18. april 2025.
Publisert 18. mars 2025
Det er ikke alle norske oppfinnelser som fortsatt er i produksjon og relativt uendret 100 år etter at de ble patentert. Thor Bjørklunds oppfinnelse fra 1925, «Kniv til skjæring av ost», er en av dem.
Publisert 27. februar 2025
Søknadstall for 2024 viser fortsatt nedgang på de fleste områdene, både fra norske og utenlandske søkere.
Publisert 27. januar 2025