Forundersøking - før du søkjer om rettar

Tenkjar du nytt innanfor teknikk, varemerke, logo eller design, bør du sjekke om andre har rettar som kan stoppe planane dine. Ei forundersøking kan gi deg opplysningar om dette tidleg i prosessen.

Nyttig for bedrifter i ulike fasar

Forundersøkingar gir nyttig informasjon både til bedrifter i etableringsfasen og til etablerte bedrifter som jobbar med nye produkt, ny teknologi eller med vidareutvikling av eksisterande produkt og portefølje.

Informasjonen kan brukast som eit strategisk verktøy i den vidare forretningsplanlegginga.

Forundersøkingar varemerke

Har du funne eit nytt namn på firmaet, tenesta eller produktet ditt, eller jobbar du med utviklinga av merkenamn og logo for kundar? Andres rettar kan stoppe deg frå å ta i bruk det planlagde namnet.

Ei forundersøking kan svare deg på om nokon allereie har registrert eller søkt om å registrere eit liknande namn eller logo. Du kan òg få sjekka om det er mogleg å få einerett til namnet eller logoen.

Sjekkar du tidleg i prosessen, har du tid til å gjere nødvendige endringar før lansering. Då kan du òg hindre konfliktar med andre varemerkeeigarar.

Før du bruker tid og pengar på eit nytt varemerke, er det viktig at du orienterer deg om andres rettar. Denne forundersøkinga gir deg ei oversikt over registrerte varemerke som kan likne ditt.

Bruk forundersøkinga viss du:

  • lurar på om varemerket ditt er unikt eller originalt
  • vil forsikre deg om at varemerket ditt ikkje er registrert tidlegare eller liknar andre registrerte varemerke

Innhald og kvalitet

  • Noreg: vi undersøkjer om det finst varemerkesøknader eller registrerte varemerke i Noreg som liknar fonetisk eller visuelt, er identiske med - eller inneheld varemerket ditt. Varemerke er forvekselsberre viss dei liknar fonetisk eller visuelt, og gjeld for same eller liknande varer eller tenester.
  • Forundersøkinga inkluderer ikkje uregistrerte varemerke som blir brukte i Noreg. Vi tilrår derfor at du òg sjekkar andre kjelder, som Brønnøysundregistera for føretaksnamn og Norid for domenenamn. I tillegg bør du søkje på internett for å sjå om ordet du ønskjer å registrere blir brukt av andre.

Vil du verne namn eller logo med ei varemerkeregistrering, er det ein fordel å først sjekke om varemerket oppfyller krava. Denne forundersøkinga gir deg i løpet av få dagar ei vurdering om varemerket kan registrerast i Noreg.

Namnet eller logoen må vere særprega, skilje seg frå andres kjenneteikn og oppfylle andre krav i varemerkeloven for å kunne bli registrert som varemerke.

Innhald og kvalitet

  • Du får ei fagleg vurdering av om varemerket kan registrerast i Noreg. Vi sjekkar om det finst liknande registrerte varemerke eller varemerkesøknader, eller andre hindringar i varemerkeloven.
  • Vurderinga inkluderer ikkje uregistrerte varemerke som blir brukte i Noreg. Derfor tilrår vi at du òg sjekkar andre kjelder, som Brønnøysundregistera for føretaksnamn og Norid for domenenamn. I tillegg bør du søkje på internett for å sjå om ordet du ønskjer registrert brukast av andre.
  • Ver merksam på at du ikkje får registrert varemerket ved å bestille denne forundersøkinga. For å registrere varemerket må du sende ein eigen søknad om varemerkeregistrering.

Forundersøkingar patent

Når du jobbar med utviklinga av eit nytt produkt eller ei teknisk løysing, kan informasjon om andres oppfinningar og idear vere avgjerande for den vidare utviklinga og prosessen.

Andre kan allereie ha einerett til produkt som liknar på eller er identiske med produktet ditt, og er i den same marknaden. Den tekniske løysinga du har utvikla, kan allereie vere beskytta og vere i bruk på andre tekniske område.

Du kan bruke forundersøkingar til å sjekke kva som allereie finst av oppfinningar og teknologi, slik at du unngår å trakke på andres rettar. Du kan òg bruke forundersøkingar for å få inspirasjon til å utvikle noko sjølv. 

Forundersøkingar design

Vi gjer eit søk i Patentstyrets register over designsøknader og -registreringar, og ser om det finst tidlegare registrerte produkt eller ornament som visuelt liknar på designet ditt. Desse legg vi ved rapporten du får i etterkant.

Ver klar over at vi ikkje tek stilling til om dei liknande designa vi eventuelt finn, faktisk er til hinder for at du kan få designrett eller kan bruke designet ditt kommersielt. Forundersøkinga gir derfor ikkje eit fullstendig svar på om designet i bestillinga kan krenkje andres rettar.

Kva databasar søkjer vi i?

Søka blir utførte med profesjonell søkjemetodikk, og vi nyttar mellom anna databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til. Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon.

Vi har teieplikt

Vi har lovpålagd teieplikt, og du er sikra full konfidensialitet når du bestiller ei forundersøking. 

Kor lang er leveringstida?

Leveringstida avheng av oppdraget. Du kan få ekspresslevering mot eit ekstra pristilegg. Du finn oversikt over normal leveringstid på sida med prisar og leveringstider.

Kva kostar det?

Forundersøkingar er ei betalt teneste. Du finn nokon prisar i prisoversikta vår, men vi vil gi eit meir konkret pristilbod når vi får ei bestilling.

Korleis bestiller du?

Ta kontakt med kundesenteret vårt for å få meir informasjon eller bestille ei forundersøking. Bruk telefon 22 38 73 00 eller kontaktskjemaet under.

Viss du tidlegare fått utført forundersøking og kjenner til tenestene, kan du nytte skjemaet i Altinn. Dette er ein sikker og sporbar kanal, der du får kvittering omgåande. 

Viss du ikkje har høve til å bruke Altinn, kan du sende bestillinga direkte til Patentstyret på e-post

Ver merksam på moglegheita for at sensitiv informasjon kan komme på avvegar ved bruk av e-post.