Teieplikt og unntak frå offentleggjering

Offentlegheit og openheit er viktige prinsipp som gir forvaltninga tillit i samfunnet. Dette er viktig både for den enkelte sin rettstryggleik og for å kunne utføre demokratisk kontroll med forvaltninga si utøving av myndigheit. Det finnst likevel enkelte unntak som gir høve til unntak frå offentleggjering hos Patentstyret.

Generelt om teieplikt

Patentstyret har teieplikt om søknadar og dokument i saker som ikkje er allment tilgjengelege. Du kan også be om at opplysningar om forretningsløyndomar kan haldast unna offentlegheit etter bestemte reglar, og teieplikta vil gjelde viss Patentstyret kjem til at desse opplysningane kan takast unna.

Teieplikt ved munnleg kommunikasjon

Av og til vil du kunne ha munnleg kontakt med Patentstyret, til dømes gjennom ein telefonsamtale eller eit møte hos oss. Patentstyret har lovbestemt teieplikt om forretningsløyndomar eller private forhold som vi blir kjende med i møte med deg.

Vi skriv ned enkelte opplysningar

Patentstyret er forplikta til å nedteikne opplysningar av verdi som vi mottek munnleg i samband med saksbehandlinga i konkrete søknadar. Om slike opplysningar er hemmelege eller ikkje, kjem an på kva slags opplysningar det er og om søknaden opplysningane knyttar seg til, er allment tilgjengeleg eller ikkje.

Patentsøknad

Ein søknad om patent og korrespondansen i saka blir allment tilgjengeleg 18 månader etter den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret, eventuelt før viss du ber om det.

Internasjonale patentsøknadar som er vidareført i Noreg, blir allment tilgjengelege etter 18 månader frå prioritetsdagen.

Viss du trekkjer søknaden før den blir allment tilgjengeleg, blir den ikkje offentleggjord, den blir med andre ord verande hemmeleg.

Viss det er spesielle grunnar, kan du også be om at spesielle forretningsløyndomar ikkje blir offentleggjorde.

 

For patentsøknadar som gjeld forsvarsviktige oppfinningar, finnst det også særlege reglar om hemmeleghald. Det gjeld spesielle reglar for innlevering, behandling og kommunikasjon i desse søknadane. 

Les meir om forsvarsviktige oppfinningar

Designsøknad

Bibliografiske opplysningar og dokument som ikkje kan avsløre utsjånaden til designet, blir allment tilgjengelege allereie frå søknadsdagen. Bibliografiske opplysningar er for eksempel informasjon om søker og designers navn og adresse, samt produktomtalen.

Dokument som viser designet sin utsjånad (bilde av designet) blir automatisk heldt hemmeleg i inntil seks månader, med mindre du ber om at heile søknaden skal vere allment tilgjengeleg allereie ved innlevering.

Når designet blir registrert, vil desse dokumenta bli allment tilgjengelege sjølv om dette skjer før det har gått seks månader frå søknaden blei innlevert.

Dette gjeld til dømes informasjon om søkjer og designer sitt namn og adresse, samt produktforklaringa. 

Det er mulig å utsette registreringen i opptil seks måneder fra søknadsdatoen eller prioritetsdatoen, eller å oppgi en bestemt dato innenfor dette tidsrommet.

Hvis registrering ikke har skjedd innen seks måneder regnet fra søknadsdagen eller prioritetsdagen, vil søknaden automatisk bli allment tilgjengelig.

Opplysningar om forretningsløyndomar kan unntakast frå offentlegheita viss søkjar krev det. Du må varsle om dette samtidig som du sender inn dokumenta.

Korvidt dokumenta kan hemmeleghaldast, blir avgjort etter designlova § 21 fjerde ledd.

Varemerkesøknad

Ein søknad om varemerkeregistrering og alle dokumenta i saka er allment tilgjengeleg allereie frå den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret. Dette betyr at einkvar kan sjå at det er søkt om registrering av eit varemerke. Det inneber gjengiving av sjølve varemerket, opplysningar om kven som er søkjar og kva for varer eller tenester merket er søkt registrert for.

Visse opplysningar om forretningsløyndomar kan unntakast frå offentlegheit etter reglane i varemerkelova § 25 andre ledd.

Du må aktivt be Patentstyret om unnatak

Regelen gir Patentstyret ein skjønnsmessig rett til å ta opplysningar om forretningsløyndomar unna offentlegheita, men Patentstyret har inga plikt til å gjere dette. Du må derfor sjølv be om at opplysningar om forretningsløyndomar blir unnteke offentlegheita. Patentstyret vurderer ikkje dette av eige tiltak.

Forretningsløyndomar i lova si forstand

Det er ikkje er avgjarande kva du sjølv meiner er forretningsløyndomar. Det er nemleg slik at ikkje alle opplysningar reknast som forretningsløyndomar i lova si forstand. Opplysningar som betyr noko for om eit merke kan registrerast eller for vernet sitt omfang, kan ikkje unntakast frå offentlegheita. Einkvar må kunne gjere seg kjent med slike opplysningar for å sikre seg at ein gjeldande rett ikkje blir krenka. Innsyn i slike opplysningar kan også vere nødvendig for å kunne vurdere krav om ugyldigheit eller sletting. Dette gjer at det i praksis skal ein del til for at opplysningar og dokumentasjon i varemerkesaker kan unntakast frå offentlegheit.

Kva kan ikkje haldast hemmeleg?

Det kan til dømes ikkje haldast hemmeleg at det er søkt om registrering av eit varemerke. Heller ikkje gjengivinga av varemerket, opplysningar om kven som er søkjar eller kva for varer eller tenester det er søkt registrert for, kan bli kravd hemmeleghalde. Ein kan heller ikkje unnta eit prioritetskrav frå offentlegheita. Innarbeidingsdokumentasjon som blir sendt inn for å underbyggje at eit varemerke kan registrerast, til dømes opplysningar om omsetningstal, kan som hovudregel heller ikkje unntakast frå offentlegheit.

Det som her er sagt om unntak frå offentlegheit for opplysningar om forretningsløyndomar i varemerkesøknadar gjeld også i motsegnssaker og administrativ overprøving.

Partane i saka og fullmektigane kan få innsyn

Det at opplysingar om forretningsløyndomar er unnateke frå offentlegheit er i utgangspunktet ikkje til hinder for at sakas partar eller fullmektigane deira blir gjorde kjent med opplysningane.

Viss kravet om hemmeleghald er openbart ugrunna, kan opplysningane utan vidare bli gitt til den som ber om innsyn i saka.

  • samtykkeerklæringar med referanse til ein samarbeidsavtale om eit planlagd salsframstøyt
  • innarbeidingsdokumentasjon som inneheld informasjon som røpar detaljar i søkjaren sin marknadsføringsstrategi
  • kundelister og postlister kan etter forholda også unntakast
  • andre opplysningar om forretningsløyndomar som ikkje er relevante for vurderinga av søknaden kan normalt også unntakast

Viss kravet om hemmeleghald er openbart ugrunna, kan opplysningane utan vidare bli gitt til den som ber om innsyn i saka.

Meir om forretningsløyndomar

Forundersøkingar

Alle forundersøkingar utførast etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du med andre ord sikra full konfidensialitet.

Innsyn i Patentstyret sine saksdokument

Du kan sjølv søkje opp Patentstyret sine saksdokument  i søkjetenesta vår. Der står det kva for dokument du finn i patent-, varemerke- og designregisteret. 

Du kan også kontakte oss viss du ønskjer innsyn i dokument. 

Kontakt kundesenteret

Informasjon om kopitenesta

Opplysningar om personlege forhold

Patentstyret har teieplikt om opplysningar om nokon sine personlege forhold, slik som opplysningar om enkeltpersonar si fysiske og psykiske helse, karakter og kjensleliv, religiøs eller politisk haldning, økonomisk forhold etc.

Slike opplysningar vil naturlegvis ikkje vere tilgjengeleg i Patentstyret si søkjeteneste.

Patentstyret sine interne arbeidsdokument

Patentstyret sine interne arbeidsdokument i konkrete saker er i utgangspunktet ikkje allment tilgjengelege.

Viss det ikkje er eit reelt og sakleg behov for å nekte innsyn, vil ein likevel kunne få innsyn i slike interne dokument i kraft av meiroffentlegheitsprinsippet i offentleglova § 11.

Har du spørsmål om teieplikt og offentleg innsyn?

Kontakt kundesenteret vårt på telefon 22 38 73 00.