Pressemeldingar
Sjå pressemeldingane våre på nettsidene til NTB.
Treng du informasjon frå Patentstyret om immaterielle rettar, er du på jakt etter statistikk, eller ønskjer du ei fråsegn frå oss når det gjeld varemerke-, design- og patentregistreringar? Pressekontakten vår tek i mot alle førespurnader frå media.
Publisert: 31. oktober 2023
Sist endret: 20. september 2024
Sjå pressemeldingane våre på nettsidene til NTB.
Du finn mykje nyttig informasjon og sentrale tal i årsrapportane til Patentstyret.
Patentstyret fremjar innovasjon og verdiskaping i næringslivet og samfunnet. Les meir om oss.
Er norske bedrifter opptekne av å verna eige design? Kor mange varemerke blir registrerte av Patentstyret? Innan kva område kjem det flest patentsøknader? Sjekk ut statistikken vår med daglege oppdateringar av tal.
Her har vi samla ei oversikt over kortfatta faktainformasjon som du kan nytte i nyheitssaker.
Patentering av ei oppfinning gir einerett til å utnytte oppfinninga kommersielt i 20 år. For å få patent må du levere ein søknad til Patentstyret. Oppfinninga må utgjere ei praktisk løysing av eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og kan reproduserast. Oppfinninga må også ha ”oppfinningshøgd”, noko som betyr at den må vere ny og skilje seg vesentleg frå tidlegare kjend teknikk på området.
Eit varemerke er eit særprega kjenneteikn for varer og tenester. Kan blant anna bestå av namn, ord, logo og figur. Du kan beskytte eit varemerke mot etterlikningar gjennom å søkje om varemerkeregistrering hos Patentstyret. Eit varemerke kan registrerast berre dersom det er eigna til å skilje eigne varer og/eller tenester frå andre sine.
Eit varemerke er eit særprega kjenneteikn for varer og tenester. Kan blant anna bestå av namn, ord, logo eller figur. Du kan beskytte eit varemerke mot etterlikningar gjennom å søkje om varemerkeregistrering hos Patentstyret.
Eit varemerke kan registrerast berre dersom det er eigna til å skilje eigne varer og/eller tenester frå andre sine. Namn som kun beskriv vara sin art, eigenskapar eller på andre måtar beskriv vara, kan ikkje registrerast som varemerke. Døme på beskrivande merke er "grovbrød" for brød, "bringebær" for syltetøy og ”europareiser” for reisearrangement. Namnet må ha særpreg. Andre viktige vilkår for registrering er at namnet ikkje må vere villeiande og at det heller ikkje kan forvekslast med andre sine namn, føretaksnamn eller varemerke.
Utsjånaden og forma til eit produkt, eller til delar av produktet. Omgrepet omfattar også ikkje-fysiske gjenstandar, som skjermbilete for web, grafiske symbol o.l. For å få vern ved registrering må designet vere nytt og ikkje vore offentleg i meir enn 12 månader.
Patentstyret er ein statleg etat under Nærings- og fiskeridepartementet. Dei har som hovudoppgåve å behandle søknadar om patent, varemerke- og designregistreringar. I tillegg driv dei utstrakt informasjonsverksemd for å forklare kva industrielt rettsvern betyr.
Samlenemning for rettar til blant anna patent, varemerke og design. Gir innehavaren einerett til å utnytte eigne produkt og tenester kommersielt. Immaterielle rettar blir reikna som ei føresetnad for økonomisk vekst, både for enkeltbedrifter og for samfunnet.
Patentstyret si søkjeteneste, som er gratis og open for alle, viser all offentleg informasjon rundt varemerke, patent og design i Noreg. Frå eitt søkjefelt får du raskt oversikt over kven som har rettar til kva, illustrasjonar og bilde knytta til ulike registreringar, status i saker, informasjon om betaling av avgifter samt journal med dokument. Verktøyet gir også moglegheiter for samanstilling av opplysningar, sortering og analyse.
Gjer eigne undersøkingar.
I Patentstyret si søkjeteneste finn du all offentleg informasjon rundt varemerke, patent og design i Noreg. Her får du kjapt oversikt over kven som har rettar til kva, illustrasjonar og bilde knytta til ulike registreringar, status i saker, informasjon om betaling av avgifter samt journal med dokument.
Du kan også sjølv finne svar på spørsmål som: ”korleis blir patent, varemerke og design brukt som verktøy i innovasjonsprosessen i Østfold samanlikna med Rogaland?”
Søkjetenesta er gratis og open for alle.
Patentstyrets visuelle identitet skal sørgja for at vi verkar samla og einskapleg overfor kundane våre, samarbeidspartnarar og samfunnet.
Avdelingsdirektør marked og kommunikasjon
Telefon |
908 81 173 |
E-post |
emf@patentstyret.no |
Ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping. Les mer om strategien vår.
Ulike rapportar og utgreiingar innanfor Patentstyrets fagområde.
Oversikt over Patentstyrets leiargruppe
På grunn av internasjonale valutajusteringer har WIPO meldt om endringer i internasjonale avgifter som betales for innlevering av patentsøknader under PCT.
Publisert 06. november 2024
Innovasjon Norge lanserte merkeordningen Made in Norway for norske eksportbedrifter i januar i år. Det har slått an i næringslivet, og mange har tatt i bruk merket.
Publisert 30. oktober 2024
Fikk du ikke med deg innovasjonsfrokosten? Nå kan du se den i opptak.
Publisert 24. oktober 2024