Patentstyrets behandling av personopplysningar
Formål
Patentstyrets samfunnsoppdrag er å fremje innovasjon og verdiskaping, og hjelpe næringsliv og samfunn med å handtere sine immaterielle verdiar og rettar på ein god måte. Personopplysningar inngår som ein del av dei data Patentstyret må behandle for å oppfylle samfunnsoppdraget og dei forpliktingane vi er pålagde som offentleg myndigheit på området industrielle rettar.
Behandlingsgrunnlag
Patentstyrelova og patent-, varemerke- og designlovane gir Patentstyret behandlingsgrunnlag og forpliktande føringar for korleis vi bruker personopplysningane dine både i saksbehandlinga og ved forvaltninga av rettsregistera. Regelverket forpliktar Patentstyret å informere offentlegheita om industrielle rettar. Vi registrerer, behandlar, og publiserer opplysningar om industrielle rettar som del av desse forpliktingane.
Viss vi ønskjer å bruke personopplysningane dine til andre formål enn dei som følgjer av loven, vil vi be om samtykke til dette frå deg. Det gjeld til dømes utsending av informasjonsbrev eller direkte marknadsføring. Viss du har samtykt til dette, kan du når som helst trekkje samtykket tilbake.
Personopplysningane
Personopplysningar er alle former for informasjon som direkte eller indirekte kan knytast til ein fysisk person. Det kan til dømes vere for- og etternamn, ei privatadresse eller ei e-postadresse. I samband med behandling av søknader på patent-, varemerke- eller designområdet, bruker vi kontaktinformasjonen din og betalingsinformasjon. Det same gjeld viss vi får søknadene dine via andre, som til dømes internasjonale organisasjonar som European Patent Office (EPO) og World Intellectual Property Organization (WIPO). Tilsvarande gjeld òg for brukarar av våre digitale tenester, viss eigen brukarkonto er oppretta.
Behandlinga
Patentstyret er ansvarleg for at dei opplysningane vi får om deg blir behandla i samsvar med gjeldande regelverk. Patentstyret har utarbeidd ein informasjonssikkerheitspolitikk, og styringssystemet vårt for informasjonstryggleik byggjer på ISO 27001 standarden. IT-systema våre er fysisk plasserte i godt sikra lokale. Vi jobbar kontinuerleg for å sikre konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit av opplysningar.
Patentstyrets medarbeidarar har teieplikt, og vi har system og rutinar som skal sørgje for ei sikker behandling av personopplysningar. Tilsette i Patentstyret har berre tilgang til personopplysningane dine i den grad som er nødvendig for saksbehandlinga eller i samband med andre tenester vi utfører.
Personopplysningar blir utleverte til andre offentlege myndigheiter når Patentstyret er forplikta til dette. Døme er lovpålagd informasjonsutveksling til Klagenemda for industrielle rettar, Skatteetaten, og Politiet. Vi vidareformidlar òg opplysningar til andre lands patentmyndigheiter og internasjonale organisasjonar innanfor rammene av internasjonalt samarbeid og avtaler. Vi utvekslar informasjon med databehandlarar for å halde ved like IT-systema våre. Vi vidareformidlar berre opplysningar som vi er forplikta til å vidareformidle. Utover dette blir personopplysningar berre formidla etter samtykke frå den opplysninga gjeld.
Rettane dine
Personopplysningsloven (LOV-2018-06-15-38) og Personvernforordningen (EU-2016/679), gir deg ei rekkje rettar. Spesielt relevant for deg som registrert er Personvernforordningens kapittel 3. Her står det mellom anna at du har rett til å bli informert om at personopplysningane dine blir behandla. Du kan be om innsyn i kva opplysningar som blir behandla, og korleis og kvifor vi behandlar opplysningar om deg.
Du har rett til å få sletta opplysningar om deg eller retta galne opplysningar om deg så raskt som mogleg, og å få supplert ufullstendige opplysningar. Ver merksam på at forvaltningsretten og arkivloven set grenser for kva som kan slettast. Du kan heller ikkje få sletta opplysningar som er nødvendige for at Patentstyret skal kunne oppfylle formåla sine med behandlinga, eller viss sletting vil stri mot Patentstyrets forpliktingar etter gjeldande lovgiving eller internasjonale forpliktingar. Ønskjer du meir informasjon eller hjelp kan du kontakte oss. Viss du meiner vi behandlar personopplysningane dine i strid med personopplysningslova, kan du klage til Patentstyrets personvernombod eller Datatilsynet.