Søk i databasar for å sjå om ideen din er ny

Det er lurt å undersøkje om nokon allereie har hatt same idé som deg. Ein titt på kva andre har gjort kan òg gi deg viktig informasjon om konkurrentane, eller inspirasjon til vidareutvikling.

Dame bruker laptop

Vanlege spørsmål om søk i databasar

Viss andre har ein lik eller liknande idé som deg, kan dette hindre deg i å bruke det du ønskjer å utvikle. Dette er greitt å få sjekka ut før du bruker for mykje tid og pengar på ideen.

Eit grundig forarbeid i form av søk på nettet og i nasjonale og internasjonale databasar kan òg gi deg verdifull informasjon om marknadsmoglegheiter og gode idear og inspirasjon til vidareutvikling.

 

Ved å søkje i databasane kan du:

  • Sjekke om det finst like eller liknande varemerke, patent eller design i Noreg før du bruker tid og pengar på utvikling og marknadsføring
  • Undersøkje kva konkurrentane dine vernar i den norske eller internasjonale marknaden
  • Undersøkje kva for nokre industrielle rettar eit selskap har før du investerer i selskapet
  • Finne detaljert informasjon om saker som beskrivingar, bilete, brev, betalingar og meir.

Ja, det er gratis å søkje i dei databasane vi har lenkja til her.

Har du planar om å søkje om patent på ei oppfinning er det spesielt viktig at du gjer eit grundig søk i internasjonale databasar og kjelder. Du kan ikkje få patent på noko som allereie finst, same kvar i verda ho er. Ei oppfinning kan til dømes vere publisert i ein tidlegare patentsøknad, eller vere omtalt på ei nettside. 

Ikkje avgrens søket ditt

Det er lurt å søkje etter ulike ord og samansetningar av ord så du får så breitt søkjeresultat som mogleg. Søkjeresultata dine gir deg ein god indikasjon om det allereie finst rettar som kan stå i vegen for at du får rett til ideen din.

Krystall-Grønn-MørkBlå
Les mer om Start ein søknad

Start ein søknad

Går direkte til søknadsvegvisaren vår for å starte ein varemerke-, patent- eller designsøknad. Du må logge deg på før du kan starte søknadsprosessen.

Les mer om Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Få ei oversikt over dei mest vanlege spørsmåla om immaterielle verdiar og rettar, og korleis du går fram for å registrere desse.

Gruppe-mennesker-prater

Bestill ei forundersøking

Synest du det er vanskeleg å orientere deg og få oversikt over alle registrerte rettar som kan ha innverknad på ideen din? Då kan du la oss gjere ei forundersøking for deg. Forundersøking er ei betalt teneste som du bestiller via Altinn.

Les meir om forundersøking
Gruppe-mennesker-diskuterer-rundt-post-it-lapper

Har du lagt ein plan for verdiane dine?

Visste du at så mykje som 90 % av verdiane i innovative selskap kan vere immaterielle? Det er derfor viktig at desse verdiane blir rett forvalta. Ein gjennomtenkt strategi er like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal.

Slik fungerer ein IP-strategi

Kommande kurs og arrangement

Sjå alle kursa og arrangementa våre
Les mer om Made in Norway er blitt en populær merkeordning
Bilde av logo i rødt, hvitt og blått og teksten Made in Norway
  • Nyheter
  • Varemerke

Made in Norway er blitt en populær merkeordning

Innovasjon Norge lanserte merkeordningen Made in Norway for norske eksportbedrifter i januar i år. Det har slått an i næringslivet, og mange har tatt i bruk merket.

Publisert 30. oktober 2024